27. des. 2011

Konklusjonar? - Langt unna. Erfaringar? - Mange!

Brettet skal brukast i det daglege arbeidet i klasserommet - ergo me har daglege erfaringar; nokon fram, andre tilbake.
For den som trudde at dette skulle bli eit superprosjekt der iPad revolusjonerar kvardagen, at vi heilt klart har funne løysinga på alt og at PC er ut, må eg berre fortelje at slik er det diverre ikkje. Dette er og blir framleis eit prosjekt. - og det er altså vi, blant ein heil del andre, som har teke på oss å stange hovudet i veggen ganske mange ganger, for at vegen skal bli litt lettare for dei som kjem etter oss. Me må for all del ikkje berre finne dei positive erfaringane (fordi me legg alt mogleg til rette, ryddar og ordnar opp og finn omvegar), for så å legge klar bane for omlegging til bruk av nettbrett i skulen. Vi kan fort oppleve at resultatet av det kan bli svært så frustrerte kollegaer rundtom, som ikkje greier å gjennomføre på same måte som det me har gjort.

Spørsmålet eg for tida sit med er; Må me ha PC som suplement?

Mange av elevane føretrekkjer ein PC i tillegg. Det er ikkje nokon som vil gje frå seg iPaden, men elevane set seg ofte til med PC-en både når det skal løysast oppgåver og jobbast på nettet. Storleiken på brettet og tastatur, - og manglande kompabilitet med Fronter, er dei vanlegaste argumenta. Dei mest drevne databrukarane er gjerne dei som oftast og lettast har gått over til brettet. PC er truleg litt "tryggare".

I haust spurde me elevane om kor mange som hadde berbar PC tilgjengeleg. Det var mange. Det som var rart (eller kanskje ikkje) var at likevel ville mange låne ein berbar PC av skulen. Dette tolkar eg på denne måten; Sjølv om elevane har eigne berbare PC-ar, så vil dei ikkje dra dei med seg på skulen kvar dag. Dei ynskjer tilgang til PC på skulen i tillegg til brett.

Men, må det nødvendigvis vere ein berbar PC me tilbyr elevane. Berbar PC har vore, og er framleis, ei dyr og ressurskrevjande løysing. Dei aller fleste elevane har i stor grad eigne (og mykje sprekare) PC-ar heime, så dei treng ikkje flytte PC-en med seg.

Eg har altid vore ein stor tilhengar av terninalserverløysinga. Eg trur det er det som må bli framtida for skulane. Når teknologien endeleg kjem i sving, har eg ei klokketru på at det er brettet som vert linken mellom alt dette. Skulane kan ikkje halde på med å tilby desse "store og tunge" flyttbare PC-klumpane. Skulane må ha tilgjengelege terminalar som kan kommunisere med bretta. Terminalane "bur fast" på skulen, og vert difor ei mykje mindre årleg investering enn det berbare PC-ar vert i dag. Elevane får minimalt med spelerom på terminalen, og ein sparer både support og reparasjonar. Terminalar har fast oppsett og går tilbake til "basic" når ein loggar seg ut.

Den dagen nokon med handa på hjartet kan fortelje meg at dei aldri er innom PC-en sin - og berre brukar brettet sitt, så skal eg vurdere å skifte meining. Berre nokon kan fri meg frå den berbare PC-en, så er eg fornøgd.

6. nov. 2011

Tastatur, - eller ikkje tastatur ... det er spørsmålet!

Eg valde med vilje ikkje å kjøpe tastatur når elevane skulle i gang med bretta. Eg var heilt klar på førehand om at eg ville ha tastatur, men etter å ha prøvd brettet sjølv, tenkte eg at "tastegenerasjonen" kanskje ville legge tastaturet til side og ikkje bruke det. Ikkje noko poeng i å kjøpe ekstrautstyr som berre vert liggjande. Dessutan vurderte eg at vi kunne prøve ei stund utan, og så sjå om det ville utkrystallisere seg behov.

No ha me hatt bretta i snart tre månader, og eg ser følgjande resultat: Nokon av elevane skriv på brettet, og nokon av elevane har flytta skrivearbeidet over til PC.

Argumentasjonen for å ynskje eksternt tastatur: Nokon syns det vert for lite felt til teksten når tastaturet er på skjemen, og nokon har problem med å treffe tastane og syns skjermtastaturet er for lite. Brettet fungerar fint til mindre tekstar, men større tekstar krev litt meir komfort.

Så kjem spørsmålet kva vi no skal gjere: Skal vi kjøpe tastatur? Skal alle få tastatur? Kva type tastatur passar?

Det er i dag to typar; Trådlaust og docking. Fordelen med docking er at det ladar samstundes, og at brettet står oppreist medan ein skriv. Om vi vel og kva vi vel, står att. Nokon som har erfaring og kan gje råd?

Feminin pedagogisk refleksjon om IT - kan det gå bra?

Ja, no kan du lure.
Jenter og IT har vi alle høyrt om, - og har truleg våre klare meiningar om kva det går ut på. Eg har i allefall mine klare meiningar om IT-gutta. Så forutinntatte er vi nok alle. Det er noko av det eg etter kvart ser kan vere lurt å setje fokus på i prosjektet også. Kva vinkling har vi på bruk av IT og kva konsekvensar får det for dei vala vi tek og dei løysingane vi brukar?

Her kjem følgjande hypotese: I dei aller fleste tilfella har pedagogikken blitt tilpassa teknologien. Det er på tide at teknologien tilpassar seg pedagogikken.

Og det er her den feminine sida kjem inn (blir sikkert arrestert for dette kjønnsgreiene, men det er truleg meir vesentleg enn ein trur). Vi forbind teknologi med noko som vert utvikla på gutterommet, for å tilfredsstile behov som gutta har; fart, spenning, action, utforsking, kamp og konkurranse. Firkanta boksar som vi kan plassere ting inni. Og berre det funkar, så  ... vel ... Næringslivet er også ein stor aktør i utforminga av it-satsinga; økonomi, aksjar, teknologi, marknadsføring ...

Kor er omsynet til dei mjuke verdiane?
Spør vi oss ofte nok i skulen om kva det er teknologien kan hjelpe oss med? Eller; korleis kan vi hjelpe teknologien inn i eit godt pedagogisk spor?

Eg trur at nettbrettet er den reiskapen som er på veg til å ta dei feminine og mjuke verdiane på alvor. Det byrjar å skje noko med måten å tenkje på. Så står det att å utvikle den teknologiske tankegangen i nye retningar.

Officepakka, Fronter, Google+, Facebook ... er det eigentleg laga ut frå gode pedagogiske prinsipp? Kva er motivasjonen bak? Har me skulefolket verkeleg fått vere med å utforme teknologien etter behova? Har me tenkt godt nok etter kva me eigentleg vil ha? - og har me sagt frå om det og kjempa for det?
Ta til dømes Fronter. Eit system basert på enkeltfaktorar, bygd saman til eit verktøy som er så bra at det er betre enn dei andre. Prøveverktøy der hovudfokus er avkryssing og poengrekning. Teksteditor med eit så lite tiltalande resultat at ingen vil bruke den. Karaktermodul, med bittesmå tekstfelt, slik at tilbakemeldingane må krympast til eit minimum, målstyring etter avkryssingsmetoden. Er vi flinke nok til å delta i utforminga av dette verktøyet? Vil dei mjuke verdiane få innpass her? Viss me verkeleg fekk velje; korleis ville Fronter - eller dei andre LMS-systema - sjå ut og fungere?

Når eg skulle velge app til tekst og presentasjon for elevane mine blei eg sterkt anbefalt å bruke OfficeHD eller DocsToGo. Sjølv, ville eg bruke Pages og Keynote. Kvifor? Dei har ei tiltalande ytre, dei er intuitive og dei gir eit pent resultat. Dei to andre? Joda, tekst kan ein skrive, men ikkje særleg tiltalande verken oppsett eller resultat. Dei feminine krava vann. I ein pedagogisk samanheng er det viktig at reiskapen er lett å bruke og gir eit fint resultat. Me produserar ikkje tekst berre for teksten sin del.

Det er også viktig å ha i minne at skal teknologien fungere, så må alle med. Viss ein må ha teknologisk bakgrunn for å forstå det, så blir det som regel skyve inn i "seinarebunken" hos dei fleste.

22. okt. 2011

Vi er på førstesida til Varden i dag!

Bilete teke av Reidar Peersen i Varden
Sjeldan eg lagar reklame for eit produkt, men i dag folkens; Ut og kjøp papirutgåva av Varden! Vi er på førstesida + side 4 og 5! Flott omtale av prosjektet og Flotte bilder av elevane - noko å skrive heim om ;-) (hmm... Her skulle vi ha hatt ei nettutgåve også .... ? .... Hmm ... Varden-app, ... Kanskje det kjem ;-))

14. okt. 2011

... ja, og så var eg på pilot-samling på Rauland

Litt moro å få fortelje om prosjektet vårt til alle IT-pilotane i fylket. Statistikken viser at nokre få sette innlegget mitt som det beste på samlinga også ... ;o) Det må jo vere bra, når det var så mange andre proffe innlegg.
Knabba denne eg. Takk for lånet Stigertun ;o).

Så er vi verkeleg i gang

Det har gått ei stund sidan sist, - men så har vi også forsøkt å komme oss gjennom igangfasen.
Mykje småting skjer, og eg kunne sikkert ha skrive litt om kvar av dei, men ein skal ha tid også ;o)

Me har fått på plass brett også til lærarane til klassen. Litt att før vi har fått på plass alt av oppsett og opplæring, men me nermar oss. Lærarane har også fått prøve seg litt på eiga hand først, og så tek me grundig opplæring etter kvart. Stort sett positive tilbakemeldingar, men her er det også viktig å vere konstruktivt kritiske, for å få fram nytteverdien og kanskje også meirverdien av å bruke brett.

Sidan sist har elevane, og eg, oppretta G-mail-konto, og sett denne opp som e-postkonto på brettet. Det betyr at vi no kan sende epost til kvarandre. Innleveringar av oppgåvar vil heretter skje på denne måten i mine fag. Å skrive oppgåver og levere på Fronter er framleis eit mysterium.

Men, er det så problematisk å ikkje levere oppgåver på Fronter?

La meg lage ei lita samanlikning;
Fronter <-> e-postinnlevering:

Lærar:

Lagar mappe i Fronter  <-> Gjer ikkje noko

Eleven:
Skriv oppgåva i Word    <->  Skriv oppgåva i Pages
Loggar seg på Fronter
Klikar seg inn diverse mapper (ofte mange klikk)
Klikkar på last opp fil         <->  Vel Del og skriv ut
Skriv inn Opplysningar om fila <->  Vel PDF og Skriv inn e-postadresse
Lagre <-> Send

Lærar:
Leitar seg fram til den rette mappa og eleven for å finne levert fil.
Vågar ikkje å rette direkte i fila til eleven, så ein lagar seg mappe på PC og lastar ned fila.
Opnar dokumentet i Word <-> Opnar e-post og opnar dokumentet i iAnnotate
Kan spore endringar, skrive inn, stryke ut og gule ut <-> Kan i tillegg legge inn notatbobler, ta bilete, legge inn lydkommentar, spele inn film, gule ut og skrive på notat på før nemnde måtar m.m.
Skriv inn karakter og kommentar i oppgåva + i kommentarfeltet på Fronter   <-> Skriv inn karakter og kommentar i oppgåva
Lastar opp fila frå PC til Fronter <-> Sender fila som Annotert direkte frå iAnnotate via e-post til eleven.
Skriv inn karakter og kommentar i karaktermodulen i Fronter   <-> Skriv inn karakter og kommentar i karaktermodulen i Fronter.
      <-> Organiserar filene frå elevane i iAnnotate.

Eleven:
Loggar seg på Fronter
Leitar fram innleveringsmappa og klikkar på les kommentar   <-> opnar epost
Opnar fila med kommentarar i Word    <->  Opnar filvedlegget i iAnnotate
Kva eleven vel å gjere med tilbakemeldingane på oppgåva er opp til den einskilde, men det kan hende det er meir interessant å jobbe med tilbakemeldinga viss lærar har lagt inn bilete eller lydkomentar.

16. sep. 2011

Stemningsrapport - og litt politikk

Å ta på seg eit arbeid med å vere pioner i utviklinga av bruk av IT i undervininga, er svært gjevande, men også mykje slit. Det ligg mange utfordringar som skal forserast før ein når dei ulike milepelane. Det tekniske skal på plass, opplæring i bruk skal gjevast, og når ein har med menneske å gjere så skal alle ha innføring og opplæring på sitt nivå. Me må nå alle.

I eit slikt arbeid er det viktig å kunne sleppe taket i alt det som går føre seg i kvardagen "nede på golvet", flyge opp, og betrakte det heile i eit metaperspektiv. Ein må sjå på situasjonen før og situasjonen no, og samanlikne. Ein må også heile tida ha det viktigaste fokuset; elevane si læring skal fremjast og ikkje hemmast. Teknikken, og problemstillingane ein støyter på må ikkje få ta for stor plass. Då må ein ha reserveløysingar i bakhand.

I dei to siste vekene, har eg på ein måte endeleg kome i gang med kombinasjonen fag og teknikk. Det har gått med ein del timar til oppsett, nedlastingar og opplæring. Det kan synast som om faget har kome i bakgrunnen. Då er det viktig også å vite kvifor ein gjer slikt, og forankre det i læreplanen.

Me må ha følgjande grunngjevingar med oss:

Kunskap om bruk av IT er i alle læreplanar, er definert som grunnleggjande kompetanse og er del av den generelle læreplanen. Me er med andre ord pålagt å bruke IT i undervisninga. Me er også pålagt å halde oss fagleg oppdaterte til ei kvar tid.

Samfunnet er i ei stadig teknologisk utvikling, - og me gjer oss meir og meir avhengig av denne teknologien. Skulen utgjer ein stor del av elevane sin kvardag, og læringsarbeidet her må spegle det elevane omgjev seg med. Det er viktig å vinne ITarenaer til nyttig arbeid, og vi må ha som mål å auke læringa ved hjelp av dei.

Så kan ein spørje seg om det er noko meining i å ploge vegen og bruke mykje energi på å vere først.

Alt for mange lenar seg tilbake og håpar på at IT-bølga skal "gå over". Eg vil påstå at dette, i den tida vi er i, hemmar den nødvendige utviklinga og tilpassinga til kvardagen elevane skal ut i. Eg er faktisk litt skremt over kor mange det er som snur seg bort frå den gode reiskapen IT er for læring. Dette meinar eg har sett IT-satsinga til fylkeskommunen i fare. - og no skal eg faktisk (etter eit lite historisk tilbakeblikk) bli litt politisk.

Vest-Telemark vidaregåande skule har heile tida vore i forkant når det gjeld bruk av teknologien. Vi starta med berbare PC-ar på hjelpepleiarutdanninga allereie i 2003. Før det laga me vår eigen pedagogiske plattform, og nytta Frontpage og eige domene www.hjelpepleie.no for å samhandle og legge ut fagstoff til elevane. Litt seinare vart det kjøpt bærbare PC-ar til den gang allmennfag, og etter det tok mekaniske fag i bruk læreverk på nett, - og store delar av den avdelinga nyttar i dag berre læreverk på nett. Alle våre elevar har i mange år nytta berbar PC i undervisninga, og vi hadde gode leasingavtaler. Dette gjorde at vi hadde ei god gjennomstrøyming av utstyr, og elevane betalte ut og tok med seg maskinene sine etter endt utdanning.

Så gjorde fylket (og den politiske leiinga) vedtak om at alle elevar skal få berbar PC. Flott i utgangspunktet, men innføringstakten og endringar i vedtak under vegs har sett store kjeppar i hjula for oss. For det første har vi fått føringar frå fylket om at det berre er elevar på studiespesialiserande avdeling som treng dette i første omgang, yrkesfag må vente. Me får heller ikkje lov å lease og selje ut utstyr til elevane slik me gjorde før. Dette betyr at for at elevane på yrkesfag skal få tilgang til IT-utstyr, må skulen kjøpe inn dette, og låne det ut til elevane. Med ei svært stram budsjettildeling frå fylket er det avgrensa kva me kan fornye av utstyr, og me slit med vedlikehald og oppdateringar. Alt me tilbyr av IT-utstyr til elevane våre, må me ta av eige budsjett. Når andre skular prioriterer bort dette, fordi dei vel å ignorere pålagde oppgåver og mål i læreplanen, er det me som må lide for dette. Me føler at det politiske miljøet i fylket sit med eit inntrykk av at det ikkje er så nøye med IT-utstyr til yrkesfag, fordi dei ikkje brukar det.

Når fylket vel den dyre, og ressurskrevjande, løysinga med berbare PCar til elevane, så må det tenkjast nytt. iPad-prosjektet er vår måte å få merksemd kring denne problematikken på. Kan me med slitet vårt vise at det kan nyttast rimelgare og mindre ressurskrevjande metodar for å nå måla i læreplanen, så skal eg heller svette litt. Dette trur eg vil komme fleire elevar til gode på sikt.

8. sep. 2011

Elevmedverknad

Læreplanen i helsefag har 8 mål. Desse har eg laga om til mange små, forståelege og konkrete mål. Måla har eg fordelt på tre nivå; basiskompetanse, middels nivå og høgt nivå. Elevane kan på denne måten velje om dei vil konsentrere seg om mål berre på basisnivå, prøve seg på middels nivå eller spe på med mål på høgt nivå. Elevane får også meir eller mindre velje kva metode dei vil bruke for å nå måla. Dette er det me kallar elevmedverknad

Så var endå ein milepæl i gang ...

Målet mitt er eigentleg nådd; vi er i gang med å bruke brettet etter intensjonane. Elevane har henta inn i iAnnotate periodeplanen for alle fag (vi samarbeider alle faglærarar om ein felles for ca. 4 veker) Elevane har henta inn i iAnnotate dokumentet med alle delmåla for helsefag. - og dei har allereie alle lærebøkene på plass i same program. I går jobba dei i to timar med planen, slik målsettinga er. Dei likte veldig godt å jobbe på denne måten. Dei finn kva mål dei skal jobbe med i periodeplanen. Dei slår opp måla og markerar dei (brukar "gul markeringspenn", skriv inn notat, tek eit bilete for å dokumentere m.m.) etter kvart som dei når dei. Metoden dei brukar for å nå målet er opp til dei sjølve. Men poenget er at alt dei treng er på ein og same stad; iAnnotate. Dei treng verken papirlærebøker, kladdebøker, kopi av planar og mål eller skrivemateriell. Dei kan heile tida følgje med på kva dei kan og kor langt dei der komne både i periodeplan og måldokument. Planar treng ikkje berre fyllast ut med "gultusj", dei kan også suppelarast med kommentarar, bilete m.m. Læreboka kan også fyllast med markeringar og notat. Her er det likevel litt synd at forlaget har sperra for å tryggleikskopiere med notat. Elevane må vere flinke til ikkje å slette læreboka (det er litt for lettvint). Men, eg håpar vi finn metodar for dette. Litt synd viss fleire veker med arbeid i læreboka vert borte.

6. sep. 2011

Øyeblikksbilete ...

I dag testa me bruken av prøveverktøyet til oppgåveløysing. Det fungrar bra .... viss elevane ikkje skriv meir enn 15 liner .... Scrollefelt er tydelevis Java-styrt .... snufs ...

4. sep. 2011

Lærebøkene har kome

Fredag fekk eg tilsendt filene med lærebøkene frå Ashehoug. Eg har brukt helga til å systematisere 22 filer og gje dei forståelege namn for elevane, samt å publisere dei i arbeidsrommet på Fronter.

For å bruke dei på brettet må elevane laste ned ei og ei til iAnnotate. I tillegg må kvar fil gjevast nytt namn, for på eitt eller anna merkeleg vis får fila eit kryptisk namn når den vert lasta ned. Det vert litt av ein jobb å få 17 elevar gjennom den prosessen på måndag, men vi skal greie det.

Minn meg på at eg må fortelje om alle dei positive sidene ved iAnnotate. (Berre det at elevane kan søkje på eit ord og få opp lenke til alle sidene det står på, er jo verdt heile prosjektet)

Om ikkje fjellet vil komme til meg ...

Mykje av tida mi i prosjektet går ut på å finne ut av teknikken. Kva går? - Kva går ikkje? Kanskje litt for mykje tid, på bekostning av pedagogikken. Men, ein kan jo stille seg spørsmålet om kva pedagogikk er ... er det så stor skilnad på teknikk og pedagogikk?

Vel, til poenget; Ein av dei store hindringane i prosjektet er Fronter. Fronter er ein særs god reiskap i læringsarbeidet til elevane våre. Me har brukt Fronter i fleire år, og på mange område. Det viktigaste har vore å ta i mot arbeid frå elevane for å vurdere dette. Såkalla innleveringar. Fronter har fine system for dette, men ikkje som fungerar med iPad. Opplastingsfunksjonen er styrt av Java, og det fungerar ikkje med iPad. Så kva er løysinga? ...

Etter ein del om og men, kom eg fram til følgjande; Elevane må ha PC i tillegg. Produserte dokument må i Word-format lastast inn på ein PC, via iTunes, for så å lastast opp på  Fronter. Tungvindt, men det krev at kanskje elevane vert litt meir medvitne om kva dei faktisk sender til Fronter?

Men, dette var ikkje den endelege løysinga ...

Ein smidigare måte er å sende dokumentet på e-post, framleis til ein PC, men ein slepp via iTunes. Problemet her har førebels stranda på oppsettet av e-post på iPaden i det trådlause systemet på skulen. Kommunikasjon med e-postserver er ikkje heilt enkelt. Me jobbar med saken ...

Men kva gjer vi då ...? ...

Så kom eg på ein ganske genial ide (Og det er her dette med å gå til fjellet kjem inn ...). Det som fungerar godt i Fronter er prøveverktøyet. Poenget; Vi må bruke det vi faktisk har av verktøy på nye måtar: Tekstfelta som elevane kan skrive i her er ikkje styrt av Java. Det betyr at viss elevane får oppgåver/inneleveringsoppgåver som ein prøve på Fronter, så kan dei skrive i veg, og levere oppgåver når dei er klare.  Det geniale er at viss me lærarane byggjer opp desse "Prøvane" - heretter kalla oppgåvene - på ein god måte, så har me fleire høve til å følgje med på progresjonen til elevane og vurdere under vegs ...

Vil du vite korleis? ...
  • Start med  å lage ein prøve i Fronter:
  • Kall den arbeidsoppgåver el.
  • Legg kvar oppgåve som eit nytt spørsmål i prøven, og sett gjerne inn tilleggsinformasjon. (Fint høve til å sette inn evalueringskriterium viss det passar)
  • Pass på at svartypen er tekstfelt.
  • Er det mange oppgåver i ein periode (Me opererar med firevekersperiodar), så lag nye sider der det er naturleg med eit avbrekk.
  • Aktiver oppgåvene for aktuell tidsperiode, då dukkar oppgåvene opp i prøvelista på framsida til rommet (Viss du har tilpassa rommet med det verktøyet).
Mens elevane jobbar med oppgåvene:
  • For kvart spørsmål/oppgåve kan me lærarane skrive kommentarar
  • For kvar side kan det også skrivast kommentarar og setjast karakter.
  • Me kan følgje med under vegs ved å velje "Påbegynte prøvar"
  • Me får opp statistikk for når elevane har levert, våre eigne kommentarar og karakterar.
  • Me kan samanlikne svara på kvart spørsmål i statistikk-funksjonen.
Svara til elevane har ikkje noko særleg fin layout, men vi får svar. Dessutan har eg opplevd at ein del elevar er meir opptekne av å lage fine overskrifter og pynte på svara sine enn det faktiske innhaldet, så kanskje dette berre kan vere ein fordel.
Kravet til oss lærarar er at me byggjer opp ein fin og lettfatteleg struktur på Fronter for elevane. Her er det nok viktig at me lærarane er flinke til å bruke framsideverktøyet, og lagar lister som er oversiktelege og meiningsfulle - i tillegg til at mappestrukturen som elevane ser er systematisk.

Voila! - innlevering frå elevar på ein heilt ny måte, - som kanskje er  betre enn den gamle måten ... , fordi vi slepp at elevar har gløymt PC-en, ikkje finn dokumentet sitt, har det ein annan stad m.m. Oppgåvene er alltid tilgjengeleg, uavhengig av reiskap. Flott eller?

25. aug. 2011

Samarbeid med lærebokforlag

Tidleg i prosjektet tok eg kontakt med ulike forlag for å lodde interessa for å delta i prosjektet. Fleire var interessert, men syns det var vanskeleg når ein må opne såpass mykje for eleven sin eigenaktivitet. Eg har sjølv hatt ein del ynskje om å gjere lærestoffet så interaktivt som mogleg, så her kan ein ikkje berre hoppe på alt. Valet har landa på Ashehoug. Dette er det to grunnar til; For det første har dei vore særs imøtekommande, og for det andre så har me allereie læreverket deira. Vi kunne dermed kvile på ei papirutgåve i tillegg til brett.

Målet er å greie å kople eit detaljert måldokument mot læreboka i PDF-format.

Eg har fått testa brettet ein del i sommar, og har starta med å finne ut korleis eg skal kople mål og lærebok. Det går ikkje så bra. Eg har enno ikkje funne noko program som kan gjere dette. Å kople eit dokument mot nettsider går greitt, men ikkje å kople to PDF-dokument saman. Eg kjem difor i første omgang til å legge ut måldokumentet, og så må elevane sjølve finne fram til rett sidetal i læreboka - på brettet eller ev i papirformat. Det er vel helst datakunnskapane mine som manglar nokre delar her, og eg er ikkje sikker på kven eg skal støtte meg til for å få dette til. Måldokumentet inneheld jo allereie sidetal, så det er programvare eg ikkje har kontroll på for å få dette til datateknisk. Men slik det er no så må elevane sjølve fysisk skifte mellom dei to delane; måldokument og lærebok.

Eg har også sysla med tanken på ei web-basert løysing, men å bygge opp lærestoffet med lenking og tradisjonelle nettsider vil gje same effekten som NDLA; ein jungel av nettsider som er uoversiktelege. Eg ynskjer ikkje å forkaste den lineære funksjonen til læreboka. Å starte i ein ende og følgje ein tråd, og vite at du er beint inni der, er for mange lettare å halde oversyn over. Å ha både fysisk bok og ei elektronisk utgåve gjer det meir visuelt for elevane. Målet er å ha kontroll på lærestoffet. Eg forkastar ikkje NDLA på sikt, men førebels er det ein del hindringar med omsyn til tilleggsfunksjonar på sidene som er vanskeleg å kobinere med iPad.

Neste steget mitt er å få til ein blafunksjon som visuelt ser ut som ei bok.

Eit anna mål er også å komme bort frå at læreboka skal behandlast på ein fin måte, slik at dei som kjem etter får ei “nesten ny” bok. Læreboka skal skrivast i og fyllast med lappar og notat. Det håpar eg verkeleg me får gjort med den elektroniske utgåva. Vi kjem til å bruke iAnnotate til å lese og notere med. Her er det mange variantar av notering. Både undertreking, overstreking med ulike fargar og notatlappar. I tillegg kan ein lage bokmerke og samandrag.

Eg har også testa ut Lokus (Nettstaden til Ashehoug) på brett, og der kan me ikkje få løyst oppgåver, mens lydboka fungerar. Her ville det vere greitt i første omgang å få til eit abonement berre på lydboka. Det er den me har mest bruk for. Oppgåver kan me greie oss utan (lage sjølv), men det burde sjølvsagt vere ein fordel for forlaget å tilpasse Lokus for brett.

Forlaget har også stilt spørsmål om det er lurt å dele boka i fleire delar.  For min del er det best å ha heile boka tilgjengeleg, for enkelte mål brukar ulike delar av læreboka, og den ser meir fysisk ut som ei bok viss den er heil.

Framhald seinare ... ;o)

22. aug. 2011

Glimt frå utdelinga av bretta

Fotograf: Rune Mathisen

Kontrakt

I dag har elevane skrive under på kontrakt for lån av nettbrettet. Kontrakt er viktig, for det ansvarleggjer alle med omsyn til utstyret. Kontakten lovar at elevane får låne ein iPad med utsyr gratis av fylkeskommunen, men den krev også at elevane skal ta godt vare på utstyret. Kvar elev er ansvarleg for sitt utsyr, og kan få erstatningskrav ved misleghald av avtalen.

Å få utdelt ein iPad er veldig moro, og tek ein godt vare på den så er resten berre moro også. Det er likevel viktig at kvar og ein er klar over det ansvaret som ligg i å få nytte dyrt utstyr.

(PS! Eg trur det er lettare å legge inn kommentarar i bloggen no ...)

20. aug. 2011

Høna? - eller egget? ... eller kanskje Ole Brumm?

I kva ende skal ein starte med teknologiprosjekt? Skal ein forsikre seg om, at alle som vil måtte få eit snev av kontakt med pedagogikken, har god opplæring og god tilgang på utstyr i god tid før prosjektet startar? Eller skal ein prioritere elevane, berre kaste seg ut i det og prøve og feile litt etter kvart? Ja, takk! - begge delar!

Det er naturleg at dei som er rundt elevane våre er litt skreptisk, misunneleg og utolmodige i dette prosjektet. Fylket har for vår klasse prioritert å dele ut brett til elevane. Me lærarane har fått to. Ideen var jo å berre teste dette ut i to fag; Helsefag og Norsk, men det vert i praksis umogleg. Eit slikt prosjekt får ringverknader. Å "køyre dobbelt opp" er i første omgang tungvindt, - men likevel den løysinga me har lagt oss på. Elevane skal bruke brettet, men også berbare PC-ar. Rett nok ikkje verdas beste PC, men det me kan greie, ut frå at Telemark fylkeskommune meinar et det berre er elevar på Studieførebuande som skal prioriterast med slikt utstyr no.

Politikken min i prosjektet har vore å lage vegen, eller kanskje stien?, mens me går. Ikkje lett å få alle med seg på den tanken, men eg håpar at me skal bli glade i turen etter kvart. Cluet er vel å stoppe opp etter realtivt kort tid, sjå utover landskapet og faktisk nyte den fine naturen me har rundt oss. Me skal ikkje strene bortover fortast mogleg, men stoppe litt, passe på at alle er med, dele erfaringane med løypa så langt og kanskje lage eit par nye stiar. Det aller viktigaste er å skrive i turbøkene etter kvart. Legge att tankar som andre etter oss kan gjere seg nytte av. Kanskje vert løypa så fin at nokon vil lage ein veg av den. Kanskje er det nett me som stikk ut vegen for dei andre etter. Me må rekne med både bratt terreng, og stikkebuskar me må sage ned. Men, eg sjølv syns det er mykje meir tilfredsstillande å ha hatt ein tur i ulendt terreng framfor ein tur på asfalt.

Eg vil nytte høvet nok ein gong til å invitere med meg alle som jobbar saman i vg1 Helse- og sosialfag. Saman skal me få ein fin tur. Me veit ikkje kor langt me kjem, me veit ikkje korleis ruta er, - for den skal me lage sjølv. Det eg veit er at eg vil prøve så godt det let seg gjere, innafor dei rammene me har, å legge til rette for at alle skal få nyte turen. Me må berre alle saman vere tolmodige og sjå at det er elevane og deira læring som er det viktigaste. Før datateknologien sitt inntog lærte elevane ved hjelp av blyant og papir. Kan hende må me av og til nytte den metoden no også, viss me støyter på problem, men eg håpar ikkje at så skjer. Den viktigaste reiskapen i ein elev si læring er dialogen mellom elev og lærar. Verken PC eller nettbrett kan erstatte den.

Me er i Vest-Telemark blad i dag!

19. aug. 2011

Vi er den første vidaregåande skulen i Telemark med iPad!

I dag delte vi ut bretta!
Prosjektkoordinator Rune Matiesen og Anders Røyne frå IT på fylket kom på føremiddag og hadde med seg ein haug med brett til oss.Det var kjempetopp stemning og alle gjekk på med liv og lyst. Litt nettverksproblem, men sidan vi hadde Anders der så løyste han det med ein gong.
Vi rakk ikkje så mykje, men vi fekk starta bretta og alle kom på nett. Det som er viktig når vi skal ut med så mykje utstyr er å merke det godt og ha gode avtaler. Ladarar og brett må ha namn. Her er klistrelappar greitt å bruke.

(Hmmm ... Denne bloggen er skriven frå min iPad. Det let seg desverre ikkje gjere å legge ut bilete frå den. Ser ut som laste opp fil går via ein Java-funksjon.)

18. aug. 2011

Nødvendige Apps!

For å jobbe med skulearbeid må me ha minimum eit skriveprogram og eit presentasjonsprogram. Her har eg landa på Pages og Keynote. Litt krav må ein ha til layout, og det er få som kjem opp mot desse. Fordelen er også at dei lett lar seg konvertere til ulike format. Dessutan kan ein, for Appleprodukt å vere, forholdsvis greitt frakte dokument ut av brettet. Vidare legg me inn iAnnotate for å lese PDF, samt ein kalkulator. Elevane får til disposisjon eit gåvekort på iTunes for å skaffe nødvendige apps.

iPad - vi er i gang!

Det er mykje som skal på plass når ein skal i gang med ein ny type teknologi. Det er ei lang historie bak iPad-prosjektet på Vest-Telemark vidaregåande skule. Men, for å komme i gang med bloggen, så må det rett og slett startast med her og no, så får eg fylle på med bakgrunnsinformasjon etter kvart.

I morgon kjem iPad-ane - BRETTA!. Då får elevane den første kjennskapen til kva dette er . I dag har dei fått presentert brettet mitt, men det vert ikkje same dreisen på det før dei får sine eigne. Det vert kjempespennande å sjå korleis bretta kjem til å fungere. Elevane er i allefall spente, og det er eg også. Me gler oss til i morgon!


9. aug. 2011

Ein ny start for bloggen

Sidan det har vore så mange andre høve til å skrive meldingar, innlegg og kommentarar, har eg ikkje sett behovet for blogg. Men i og med at vi har starta iPad-prosjekt i klassen min, så tenkte eg at det kan vere lurt å skrive uregelemessige betraktingar i ein eigen blogg. Då får eg testa ulike verktøy på same tid; Å skrive blogg, å oppdatere blogg ved hjelp av PC, iPad og iPhone, koble blogginlegg til sosiale medium, samt gje tilbakemeldingar på ein moderne måte. Her får eg samla alle tankane mine om prosjektet, delt erfaringar og får sette mitt personlege preg på det. Mange kinderegg inni einannan.