14. okt. 2011

Så er vi verkeleg i gang

Det har gått ei stund sidan sist, - men så har vi også forsøkt å komme oss gjennom igangfasen.
Mykje småting skjer, og eg kunne sikkert ha skrive litt om kvar av dei, men ein skal ha tid også ;o)

Me har fått på plass brett også til lærarane til klassen. Litt att før vi har fått på plass alt av oppsett og opplæring, men me nermar oss. Lærarane har også fått prøve seg litt på eiga hand først, og så tek me grundig opplæring etter kvart. Stort sett positive tilbakemeldingar, men her er det også viktig å vere konstruktivt kritiske, for å få fram nytteverdien og kanskje også meirverdien av å bruke brett.

Sidan sist har elevane, og eg, oppretta G-mail-konto, og sett denne opp som e-postkonto på brettet. Det betyr at vi no kan sende epost til kvarandre. Innleveringar av oppgåvar vil heretter skje på denne måten i mine fag. Å skrive oppgåver og levere på Fronter er framleis eit mysterium.

Men, er det så problematisk å ikkje levere oppgåver på Fronter?

La meg lage ei lita samanlikning;
Fronter <-> e-postinnlevering:

Lærar:

Lagar mappe i Fronter  <-> Gjer ikkje noko

Eleven:
Skriv oppgåva i Word    <->  Skriv oppgåva i Pages
Loggar seg på Fronter
Klikar seg inn diverse mapper (ofte mange klikk)
Klikkar på last opp fil         <->  Vel Del og skriv ut
Skriv inn Opplysningar om fila <->  Vel PDF og Skriv inn e-postadresse
Lagre <-> Send

Lærar:
Leitar seg fram til den rette mappa og eleven for å finne levert fil.
Vågar ikkje å rette direkte i fila til eleven, så ein lagar seg mappe på PC og lastar ned fila.
Opnar dokumentet i Word <-> Opnar e-post og opnar dokumentet i iAnnotate
Kan spore endringar, skrive inn, stryke ut og gule ut <-> Kan i tillegg legge inn notatbobler, ta bilete, legge inn lydkommentar, spele inn film, gule ut og skrive på notat på før nemnde måtar m.m.
Skriv inn karakter og kommentar i oppgåva + i kommentarfeltet på Fronter   <-> Skriv inn karakter og kommentar i oppgåva
Lastar opp fila frå PC til Fronter <-> Sender fila som Annotert direkte frå iAnnotate via e-post til eleven.
Skriv inn karakter og kommentar i karaktermodulen i Fronter   <-> Skriv inn karakter og kommentar i karaktermodulen i Fronter.
      <-> Organiserar filene frå elevane i iAnnotate.

Eleven:
Loggar seg på Fronter
Leitar fram innleveringsmappa og klikkar på les kommentar   <-> opnar epost
Opnar fila med kommentarar i Word    <->  Opnar filvedlegget i iAnnotate
Kva eleven vel å gjere med tilbakemeldingane på oppgåva er opp til den einskilde, men det kan hende det er meir interessant å jobbe med tilbakemeldinga viss lærar har lagt inn bilete eller lydkomentar.

3 kommentarer:

  1. Hei Siv

    Flott at du dokumenterer og deler! Jeg leser bloggen din med interesse. Ganske tankevekkende at det oppleves enklere å bombarderes med epost enn å bruke Fronter.

    SvarSlett
  2. Det er tydelegvis mange vegar til Rom ... Behovet for å få dette til å lukkast er klart stort, men samstundes er behovet for å få smidige løysingar også stort. Det å klikke seg langt inn i ein Fronterjungel for å lage innleveringsmapper, som er minst like vanskeleg å finne igjen, - og å hugse at er der, er ikkje den mest ideelle måten å takle elevsvar på. Ei rekkje med ubesvarte e-post er faktisk lettare å finne fram i og bli minna om .... Tru det eller ei.

    SvarSlett
  3. Hei!Kikker innom bloggen for første gang i dag, og etterhvert skal jeg få lest mer. Jeg har to spørsmål til deg, og jeg håper du kan svare på ett av dem, i alle fall :-) Hvilke elever føler du har best nytte av å bruke IPAD? Gjør det f.eks noe med motivasjonen til de svakest presternede?
    Det andre jeg lurer på, er om dere vurderte andre nettbrett?

    SvarSlett