22. nov. 2012

Legg ned skjermen!

Vi brukar å be elevane om å legge ned skjermane når vi vil ha full merksemd på det som skal gå føre seg i klasserommet. Det er ein tung prosess, som ofte endar med halvvegs nedlagde skjermar, argumentasjon om at PC-en er så treg å starte opp igjen, vil ikkje logge på, skal berre .... m.m.

iPaden revolusjonerte dette, fordi den er så lett å skru av og på.... Det er litt lettare å få gehør i klasserommet no, - og kanskje noko lettare å nå fram. For det er bevist: hjernen taklar ikkje all den multitaskinga spesielt ungdom argumenterar med at dei taklar så bra. Vi lærer faktisk best med å ha ro og lite forstyrrande element i læringsprosessen.

Teknologien kan vere ei hjelp i læringsarbeidet, men den kan også vere eit særs forstyrrande element. Dette er eitt av dei mest brukte argumenta i debatten om teknologien inn i klaserommet.

Det nyttar ikkje å håpe på at Internett går over, eller at vi skal få ein "skru av Facebook"-knapp. Vi må heller satse på god klasseleiing, og ta teknologien i bruk. Likevel er vi klar over at mykje av bodskapen vår går tapt, mykje meir enn ved andre forstyrrande element, når vi tillet at eleven sig inn i teknologiske interesseområde som ikkje eigentleg har med det ein skal lære å gjere.

God klasseleiing er å få elevane til å legge ned skjermane når det ikkje er behov for å bruke teknologien. I skulen er dette ei brukbar oppgåve å overkomme. Rollene er klart definerte; læraren er den vaksne som veit best. Maktforholdet gjer at ein ganske greitt får forståing for kven som bestemmer. Difor kan ein gje ganske klare beskjedar utan at det skiplar balanseforholdet. - og gjervein det på rette måten, så går også beskjeden ganske greitt inn og vert etterfølgd.

Noko heilt anna skjer om ein skal ha kollegarettleiing eller kursing av vaksne. Her er det eit anna balanseforhold, der alle tek ansvar for seg sjølve. Her er det sjølvsagt at kvar og ein veit best kva som er best for seg sjølv. Ein førelesar kan i ein slik situasjon gjere eitt av to val; forsøkje seg på klasseleiing og legge premissar for korleis foredraget skal gjennomførast; be om at skjermen vert lagd ned, eller ein kan ignorere problemstillinga og setje igang, og halde fram, som om alle lyttar og følgjer med.

I det siste har eg både erfart sjølv, og vore i samanhengar der andre held føredrag, at kursdeltakarar er særs fråverande i det som går føre seg. Det kan godt hende at det som vert lagt fram er uinteressant, eller ikkje fenger, men i mange tilfelle vil eg påstå at den som vel å reise ut i cyberspace i staden for å følgje med, ikkje er i stand til å kople på tidsnok til å forstå om det ein vel å ikkje lytte til er viktig eller ikkje. Ein går så inn i det ein held på med at ein ikkje evnar å multitaske. Eg har sjølv gjort det, og er ikkje stolt av det.

Det er ikkje lett som førelesar å be om premissar for korleis ein ynskjer merksemda til tilhøyrarane. Ein blir sett litt stygt på, folk føler seg forulempa, "kom ikkje her og fortel meg kva eg skal gjere - eg veit best", ein blir sett på som litt bitchy, sinna, hissig ... Ja, det beste er nok å la vere å seie noko, og sjå at forsamlinga "veit best"

Det er faktisk heller ikkje lett å konkurrere mot cyberspace. Det er så mykje spennande der ute; nokon likar deg på fjesboka, det kjem ein e-post med eit supertilbod, Hamas har bomba Israel igjen. Kven kan konkurrere mot slikt? Ein kan ha ein viktig bodskap, ein kunne ha fått i gang gode debattar på grunnlag av innspel frå salen, men det kan vere litt for mange "skal berre". Ein blir usikker, og føler at ein burde ha vore ein litt betre skodespelar, ha regiert førestillinga si litt betre, funne eit emne som er litt gøyare og kan fenge endå meir, blitt meir populistisk ...

Kva gjer dette med førelesarane? Kva gjer det med lærarane?

Eg tenkjer at det er viktig at me vaksne tek inn over oss at me skal vise respekt for kvarandre som menneske og fagpersonar. Det kan hende at me ikkje greier å individuellt tilpasse bodskapen vår til kvar og ein når det passar dei. Difor må me kunne formidle ein bodskap felles til fleire samtidig. Eitt av måla i læreplanen i norsk er nett dette, å kunne delta i ulike munnlege samanhengar både som aktør og tilhøyrar. Eg trur det er på tide at me alle saman tek dette målet på alvor. Me må ta styringa over teknologien, det er ikkje den som skal ta kontrollen over oss.

6. nov. 2012

Grundigare om iTunes-U

Kva er god pedagogikk?

I prinsippet om "Vurdering for læring"skal eleven vere orientert om kriteria for vurderinga. Han skal vere godt orientert om kva han skal lære og kor han er i læreprosessen.

Ei lærebok er ei samling av fagstoff. Svært sjeldan har læreboka god nok informasjon om kva måla i læreplanen inneber. Vi ser sjeldan at lærestoffet viser direkte til måla, eller bryt ned måla og tek eleven med på ei naturleg vandring mot full kompetanse.

Slik er det truleg også best at det forblir. Ei lærebok skal vere staden vi går til for å finne kunnskapen.

Det er læraren og læraren sine planar og opplegg som skal vise eleven vegen mot kunnnskap. Så er det opp til læraren, og gjerne i samarbeid med eleven, å finne ut kva metodar som passar best for å plukke den kunnskapen som trengs til ei kvar tid.

Kva har dette med iTunes-U å gjere? Jo, iTunes-U kan brukast på to måtar; Som ein kanal for å finne lærestoff, og som reiskap for å knyte saman mål og lærestoff til ein naturleg læringssti.

Lærestoff kan publiserast direkte på iTunes-U, som Linda Terese Frønes sine naturfagvideoar, eller Tom Jarle Christiansen sine matteleksjonar. Men ein kan også sy saman bøker, PDF-ar, videoar, oppgåver m.m. til ein heilskap med ein naturleg progresjon ved hjelp av iCourse Manager. Her har Anders W. Røyne og eg sjølv prøvd å bidra.

Det er viktig å skilje mellom lærestoff og den jobben som læraren skal gjere; tilretteleggje for læring. Forlaga gir oss i dag tilbod om ei rekkje læreverk, meir eller mindre gode. NDLA gjer det same. - og mange andre kanalar der ute i verdensveven. iCourse Manager skal kunne brukast til å samle alt det som me lærarar ynskjer å formidle til elevane - me vel ut det me meinar er best for eleven, og lagar naturleg progresjon. I dette skal det vere rom for alle, både komersielle og mindre komersielle kanalar.

iCorse Manager er eit knakande godt verktøy til å bygge opp kurs med. Når me skal bygge opp kurs så brukar me det materialet me har tilgjengeleg. Viss ikkje forlaga kjem på banen og lar oss integrere deira stoff i dette, så spelar dei seg sjølv ut over sidelinja .... Me hentar stoff der det er lettast tilgjengeleg. Fram til no har det vore læreboka ... men med alt det flotte vi finn på nettet ....

1. nov. 2012

Digitale hjelpemiddel i matematikk

Fekk lov å dele denne flotte videoen om bruk av digitale hjelpemiddel i matematikk på Bamble vidaregåande skule.



Tusen takk til Tom Jarle Christiansen for supert innspel!

30. okt. 2012

iTunes-U og iCourse Manager

Så har eg sett lyset!

Du treng ikkje å bli miniforfattar og gå gjennom forlagsdissekering for å få publisert boka di. I iCourse Manager (eller iTunes U Course Manager) kan du fritt laste opp boka du har laga i iBoks Author - og den dukkar opp med ein gong.

Så var den saka løyst - då er det berre å gå i gang og lage bra stoff for elevar, studentar og alle dei andre dyra i Hakkebakkeskogen ;o)

Ulempen er sjølvsagt at du berre får det publisert på iPad og iPhone .....

Elles; iCourse Manager er eit supert konsept - med litt forbetringspotenisale. Å lage kurs er moro, og det får eit ganske tiltalande resultat. Du må sjølvsagt både ha ein mac og iPad, du må publisere for å sjå korleis det vert sjåande ut, og du har ein del avgrensingar på layout (som for den feminine sida av meg er litt frustrerande - og faktisk pedagogen i meg streikar litt også) - men alt i alt her er ein god start.

Gledar meg til å finne ut om andre kan gjere dette universellt.

Etter oppfordring legg eg her ut kurskoden for mitt første kurs "Opplæring i iPad for lærarar", så kan dei som har lyst låne det og bruke det. Kom gjerne med innspel - det er i startgropa. Kurskode: FMQ-X7K-AK3

13. okt. 2012

iBooksAuthor

Så har eg altså laga mi første e-bok, - ved hjelp av iBooks Author. Den blei kjempefin, - syns eg sjølv. I farten gløymde eg å setje på rettar, og vise til kjelder for eit par bilete eg har lånt frå nettet, men ugh.. håpar det passerer, det er ei enkel lita bok, laga som eit oppskriftshefte for app-bruk.

Eigentleg kunne eg tenkje meg å publisere den berre for spesielt interesserte, men fann ikkje ut korleis eg skulle gjere det - Apple reklamerer for at det skal gå an å legge den rett på iTunes-U, men ...korleis??

"Mens du skaper boken kan du kontrollere hvordan den ser ut ved å forhåndsvise den på iPad. Når den er akkurat slik du vil ha den og du er klar til å publisere, hjelper iBooks Author deg med å sende den inn til iBookstore for salg eller gratis nedlasting. Du kan også eksportere den i iBooks-format for deling på iTunes U, eller du kan gi den til hvem som helst som har en iPad. Lær hvordan du publiserer på iBookstore" (http://www.apple.com/no/ibooks-author/)

Vel, så eg laga meg konto på iTunes Connect, og gjekk gjennom heile prosedyren, - så der ligg den ...og ventar, og ventar og ...... ventar på å bli publisert ....

Venting er ikkje bra i dataverda - her vil vi ha raske resultat. Å ikkje vite kor lenge vi må vente er heller ikkje godt. Viss eg har bruk for å distribuere det eg har laga, for å bruke det i morgon, så er tydelgvis ikkje dette måten å gjere det på. Shit! .... iBooks Author er verkeleg eit flott program. Det gir meg ein ny måte å lage lærestoff på. Kan hende eg er ein gamaldags lærar, men eg elskar læreboka - det å synleggjere ein progresjon og vite kor du er. Nettsidejungelen vert for uoversikteleg. Samtidig opnar denne måten å lage lærebøker på høvet til den interaktiviteten eg sårt har sakna; lage biletseriar å bla i - altså ikkje berre eitt bilete, men mange opp einannan på same staden; steg-for-steg framgangsmåtar for prosedyrar ... Eg kan leggje inn film og heile PowerPoint/Keynote-seriar. Det er rett og slett fantastisk! Men kva lærar lagar stoffet sitt fleire månader i førevegen??? - og må eg liksom leggje det ut for heile verda? - Kvar gong? - Kan eg ikkje få starte i det små?

Forresten, - eg gjekk gjennom lista med forfattarar av gratisbøker i iBooks store. Viss eg kjem gjennom nålauget til Apple vert seg ståande saman med Albert Einstein i forfattarlista ... verdt å skrive bok berre av den grunn ...

Vel, for å konkludere; bøker lagar vi på to plan; dei me ynskjer å publisere for heile verda; må vere særs gode og veeeeldig bearbeida og gjennomtenkte. - og dei som berre skal leve ei lita stund og brukast til ei mindre gruppe. Eg håpar det vil finnast gode system for begge typane ved hjelp av iBooks Author.

24. sep. 2012

We made it!!

Snakk om kjempesmell etter oppgradering til nytt iOS, og så var opplasting til Fronter borte frå iCab Mobile. Helga blei trasig .... Men så - "Husk alltid å lese det som står med lita skrift" - Veeeldig viktig - her er løysinga og den nye verda!!:

No kan "alle" filer lastast opp til Fronter med iCab Mobile - Du må berre justere innstillingane i nettlesaren. Og det er ganske moro i iCabMobile, for det er så mange av dei, - og då seier eg maaaange. Safari er ei lita pingle i forhold.

Vel, då skal eg krype ut av den euforiske ekstasen eg befinn meg i for øyeblikket og bli litt seriøs: Gjer slik:

  • Bruk tannhjulet øverst til høgre i iCab Mobile. (- og det er her du får all verdens snacks å rote med ...)
  • Bruk "General settings" - og bla deg nedover lista på høgresida.
  • Finn "file Uppload via" og svitsj til "iCab Mobile"
  • Vel "Done" - og du er klar til å laste opp det du måtte ynskje til Fronter.

(Eg hadde eit lite håp om at Safari hadde funne på same løysinga, men ..... sjekk dei pinglete innstillingane der då .... æh ...)

Desverre har iCabMobile ikkje funne "Opne i..." -funksjonen enno, men det er håp. Kjem den, så kan lærar opne filene frå elevane i valt app (PDF expert, Office2HD, iAnnotate el.) og rette frå iCab Mobile også. ...

20. sep. 2012

Handins

Vi ser at nettbrettet brer om seg ute i den store verda - eg trur det har kome for å bli.
Skal det overta for PC i skuleverket?
Mange spør og mange meinar.

Mange funksjonar er morosame, lette og fangar oss inn i ein ny måte å tenkje på. Eg er kjempeglad i iPaden min. Super å ha i veska, lett å ta fram, - når eg startar PC-en min på jobben, så sjekkar eg avtaler og les all e-posten på iPad, mens eg ventar på at maskina skal komme i gang.

Men, - eg har i dag på pulten min; ein iPad, ein PC, ein Mac, ein iPhone og ein Nokia N8. Ville eg greie meg med bere iPaden? bør eg greie meg med berre den?

Me jobbar med å finne smidige løysingar - tenk om alt var lett? - tenk om alt fungete på same måte på ein iPad som ein PC - eller omvendt - eller begge vegar?

I vandringa mi i iPadverda har det dukka opp snodige hindringar, som gjer at eg tenkjer uh..! - at ein slik filleting skal lage så mykje krøll, som for eksempel:

Elevane får ikkje levere på Fronter, fordi "velg fil"-knappen i Safari ikkje virkar, så finn vi iCabmobile, der den virkar, men der får vi ikkje laste opp doc-filer. Lærar får heller ikkje laste ned filene til elevane fordi det ikkje er ein "åpne i"-funksjon i iCabmobile, så då må læraren opne filene frå Safari til PDF expert, rette og så må ein tilbake til iCabmobile for å få laste tilbake retta svar ... - og førstemann ut til å opne for innleveringar ser altså ut til å vere It`s learning ... (takk til Rune Mathisen for lekkje til god artikkel) - Kan vi bytte over til It`s learning i Telemark fylke tru? ...

Så, kor står eg no??? Det er nokre spennande saker på trappene, Citrix-pålogging med full tilgang til alt me kjenner frå før; Office og kontorstøtteprogram ... Kva skal vi med PC då?
Kjem eg til å greie meg på kontoret med denne vesle iPaddingsen heile dagen? Vert ikkje det litt for knotete? Kan eg få både og? Eg treng ikkje PC, berre skjerm og tastatur og kanskje ei mus? - og så ein kommunikasjonsboks - eller kanskje kommunikasjonen ligg direkte i skjermen? Kanskje eit virtuellt tastatur? Ei matte på bordet (tataturet på iPadskjermen?) Kva treng eg på kontoret, kva treng eg heime og kva treng eg å ha med? Kva treng eg i klasserommet?

Kan elevane greie seg med noko anna enn meg? Har dei andre krav enn meg?

14. sep. 2012

Ny tittel - fleire oppgåver

Sidan sist skuleår har eg trådt inn  i ei ny rolle.
Frå å drive iPadprosjekt på hobbybasis i klassen min, har eg no fått 50% stilling som IT-pedagog i Telemark fylkeskommune for å drive med "Målretta valg av digitalt utstyr".

Her er instruksen min:
  • Målrettet valg av digitalt utstyr
    • Skaffe kunnskap om alternative digitale enheter, og starte/lede forsøksprosjekter på vgs. Resultatene fra prosjektene må dokumenteres og spres i det offentlige rom.
    • Bidra til at iPad-prosjektet på Søve vgs blir en suksess. Brukerundersøkelser blant lærere og elever vil være virkemidler for å sjekke om målet blir nådd.
    • Komme med anbefalinger til hvilke type digitalt utstyr som passer best i de ulike programområdene. Dette arbeidet må gjøres i tett samarbeid med de andre satsingsområdene (video og deling). Nettressurser som for eksempel NDLA vil kunne være styrende for valg som gjøres.
    • Utrede de positive effektene ved at alle elever har eget digitalt utstyr. Som en del av dette arbeidet er det igangsatt et forskningsprosjekt på Universitetet i Bergen som delvis finansieres av Telemark fylkeskommune gjennom Østlandssamarbeidet og KS.

Den er omfattande og særs spennande.
Ei av utfordirngane vert å formidle erfaringar - og då bør eg nok oppdatere denne blogge jamleg. Minn meg på det, og spør og kom med innspel. Eg ser på meg sjølv som ein problemløysar  - helst før problem oppstår, for å få overgangar til å gå så smidig som mogleg. For overgangar vil me heilt sikkert få og måtte ta stilling til. Me kan ikkje halde på slik som no, med flyttbare PC-ar som stadig vekk krev service og er ute av funksjon.

Målet må vere eit system der elevar har tilgang til digitale reiskapar der og då - mest mogleg uavhengig av kva utstyr det er  eller kor det er. Utopi??

2. juni 2012

Fleire steg nærare levering på Fronter frå iPad!!

Med god hjelp av Trond Inge og Erling frå Apple og Anders på Fylket ser det ut som det kan finnast ein veg inn i Fronter for dokument laga på iPad. Løysinga heiter iCabMobile, og er av alle ting ein annan nettlesar enn Safari. Det denne kan gjere er å laste ned filer i ein "download"-boks, og denne greier Fronter å hente filer frå. Det lettaste å gjere for å få laste opp Pages- eller Keynotefiler er å sende dei på e-post til seg sjølv (på den epostkontoen som er registrert på iPaden), holde på fila og velge å opne den i iCab. Så trykker du på sofaen og vel å lese fila seinare. Fila legg seg i "downloads" og du kan laste den opp i Fronter. Med iAnnotate er det endå enklare, for der kan du velje å opne fila direkte i iCab, putte den i "downloads" ved hjelp av lese seinare i "sofaen". ICabMobile kostar 14,- kroner. Det er vel anvendte pengar. Einaste ulempen er at du må bekrefte at du er over 17 år når den vert installert. Dette fordi det kan dukke opp stygt innhald ???. (Korleis det kan skje er eg litt undrande til, men kanskje nokon kan opplyse meg?) Eg prøvde også å dele pagesfiler ved hjelp av iWorks. Det går greitt, men då må du velje "downloads", klikke på + og kopiere og lime inn heile URL-en for å få laste ned fila. Etter som eg har forstått vert også iWorks lagt ned 31.juli.

7. feb. 2012

Fagleg påfyll og tankar om elektroniske lærebøker

Er i dag og i morgon på konferanse i Sandefjord. Her er vi mange ulike profesjonar samla med fokus på nettbrettet som pedagogisk verktøy. I dag har me sett på ulike tekniske løysingar og i morgon skal me sjå på den pedagogiske bruken av brett. Microsoft og Apple er sterkt representert. Begge har framifrå løysingar på kvar sine område. Microsoft førebels med flotte programløysingar for pc og planar for sky-løysingar, og Apple sin iPad er vanskeleg å konkurrere med. Det vert spennande å sjå Win8 i bruk, og korleis denne kan få brettløysinga til Microsoft til å løsne. Vi hadde ein spennande og interessant debatt kring den elektroniske læreboka i ettermiddag. Her vert det interessant å sjå kva løysingar forlag kjem til å leggje seg på. Ein bør jo kunne tene pengar på elektroniske lærebøker, så kva skal ein gjere for at ikkje bøkene skal "spre" seg gratis på nettet? I dag kan ikkje elevane skrive notat i papirbøkene, så pdf-boka har gitt elevar ein ny kvardag, med alle dei høva elevane no har til å skrive notat, setje inn bilete, overstyrke m.m. Det er mykje som taler for at ein skal tilby ei løysing med at elevane låner ei bok for eit år, så "døyr" den når lånetida er ute. Dette er eg sterkt i mot, fordi då vil alt arbeidet som elevane legg i noteringa si bli borte. Det vert som å kaste barnet ut med badevatnet. På eitt eller anna vis bør elevar som ynskjer det få behalde boka og notata sine. Elles er det ein del elevar som ikkje vil sjå noko særleg poeng i å leggje ned arbeid i noteringa, og vi misser dermed ein god metode. Det er også nokon som meiner at når det skal lagast elektroniske lærebøker så skal det puttast på all verden med multimedia. Det er sikkert fancy og spennande, men ... For det første vil dette vere eit stort arbeid, og fordyre lærestoffet. For det andre vil det alltid vere apps og snuttar på nettet som kan stette det behovet. Som lærar har eg bruk for eit basismateriale, som er tilpassa måla i læreplanen. Så er det mitt val kva retning eg ynskjer å legge opp stoffet og timane. For eleven er det aller viktigaste å vite kva som skal lærast - kva er målet. Så er det altså min jobb å lære eleven å kjenne, slik at eg i samarbeid med eleven kan finne metodar, visualisering, oppgåver og eventuellt tilleggsstoff. Eleven lærer best ved å utvikle sitt eige materiale, i ein trygg kontekst, der det er lett å finne ut kva som er lærestoffet. Dialog der eleven vert presentert for ulike metodar, kan definere seg inn på nivå, og der ein samarbeider om kva som er lurt å gjere for å nå målet, er det beste. Det er svært få elevar som greier å navigere i ein jungel av lærestoff og sjølv finne ut kva som er det viktigaste. Ein av dei viktigaste jobbane vi gjer er å hjelpe elevane med denne navigasjonen. Ikkje minst er dette viktig med tanke på at elevane skal ut å navigere i den enorme www-jungelen på eiga hand.