18. des. 2014

Utfordringar med papirbøker, e-bøker og nettbasert lærestoff

Ein av pilotskulane våre har gjort ein del lite heldige erfaringar med e-bøker på iPad. Dette er synd, fordi tanken er god og prinsippet med lesebrett er supert.

Tekniske krasj, som at boka forsvinn frå iPad og at den må lastast inn på nytt kvar gong ein hoppar mellom apps skaper unødige hinder i læringsarbeidet. At eleven ikkje kan gjere boka til si eiga og fylle den med notat og eigen kunnskap er også eit hinder. Eboka er framleis ein gjest i eleven sitt læringsarbeid.
Slik eg ser det har forlaga bomma ved å forsøke å gjere mest mogleg butikk. Pris er viktig for skulane. Prinsippet for digitalbok er pris på papirboka delt på tre, og forlaga går ut frå at ein skifter bok kvart tredje år. For det første er det fleire døme på at prisen for tre års abonnement er høgare enn papirutgåva, og for det andre er det nok dei færraste skulane som skifter læreverk etter tre år. Det er ikkje særleg freistande for skulane å gå inn på ei dyrare løysing enn ein har hatt med papirbøker.
Ein lærar treng eit godt og strukturert lærestoff, som er lett å finne fram i og som er sterkt knytt mot måla i læreplanen. Ein elev treng å gjere stoffet til sitt eige. Det betyr å samle alt om eit mål eller emne på ein og same stad (og her er OneNote særs interessant), og kunne leggje til det som trengs for å understøtte arbeidet sitt med stoffet. Det vere seg mellom anna lekkjer, lydopptak, film, bilete, teikningar og notat. Ei låst lærebok dekkjer ikkje dette behovet.

Skal forlaga få eboka til å fungere så bør dei truleg tenkje heilt nytt. Dei kan sjølvsagt jobbe med stabiliteten til e-bøkene, og også samstundes vurdere både kostnad og det høvet eleven har til å gjere boka til si eiga. Men det kan også hende at NDLA-tanken er betre. Web-baserte tenester som elevane jobbar online på. Framtida er etter mi meining online. (Med det tilbodet enkelte nettbrett/elektroniske dingsar i dag har av lagringskapasitet, så er det håplaust å greie å lagre alt elevarbeid lokalt)

Viss NDLA greier å strukturere konseptet sitt til å ha fokus på læring, rettleiing, struktur og mål,  meir enn den store samlinga av lærestoff som det er i dag, så vil ikkje forlaga ha ein sjanse til å hengje med.  Dette vert eit interessant kappløp å følgje med på framover.

Det skal også bli interessant å følgje utviklinga til Google Apps for education framover. Her har dei starta tanken med å samle mest mogleg av læringa til elevane. Viss dette kan brukast som ein reiskap for læraren til å rettleiie elevane i læringsarbeidet, så har ein dekka eit behov som vi lenge har etterlyst frå Fronter.

Kikora-tanken er også vel verdt for alle som jobbar med lærestoff til elevar å ta med seg. Strukturen og oppbygginga i dette burde vere eit døme å ta etter for alle.

Ideen til Smartbok, fagstoffet til NDLA, tanken til Google Apps for education og strukturen til Kikora er ein nøkkel til suksess.

Eg har forresten studert forlaga sine tilbod på papirlærebøker etter den siste reforma av læreplanar i fellesfag. Bøkene dei tilbyr er større enn tidlegare, mange er både tjukkare, lengre og breiare. Dei nye norsk- og engelskbøkene til Ashehoug og Gyldendal veg i snitt 1,4 kg kvar. Viss dette skal vere normen for vekt på ei lærebok, så vil ei gjennomsnittleg skuleveske med bærbar PC fort komme opp i 12 kg. Må ordbøkene vere med i tillegg, så …

Kva gjer elevane med dette? Tek dei med seg skulebøkene heim? Viss elevane ikkje tek skulebøkene med seg heim; Når får dei tid til å lese i dei? Skal skulen vere ein stad der vi sit stille og les i bøker? På kva måte brukar vi lærebøker saman med elevane? Brukar elevane lærebøkene i det heile? Blir boka berre liggjande i eit skap?

Mange lærarar lagar samandrag av lærestoffet for elevane, og det er dette dei les på til prøvar. Eg har sjølv hatt elevar som har lært seg stoffet og nådd måla, men dei har aldri opna læreboka.

Dessutan; elevar les som aldri før – dei les kvarandre sine tekstar på skjerm. Dei les bilete og dei ser film. Ingen kan påstå at dei ikkje lærer.

17. nov. 2014

Korleis få lærarane med?

Kva fungerer?


Det er eit krav i læreplanane at elevar skal ha tilgang til digitalt utstyr, og kunne nytte det i alle fag. I Telemark fylkeskommune har vi ein eigen IKT-standard for elevane, og me har vår eigen IKT-strategi. Det er vanskeleg for ein lærar å halde seg unna dette. Spørsmålet vert difor korleis vi skal greie å få alle med, - og få alle til å trivast med det.

Det er fleire grupperingar å ta omsyn til:


·         Vi har eldsjeler som står på, testar ut, lærer det som er nytt og vil prøve ut (– og som av og til ser at tilbodet om teknologi heng litt etter.)

·         Vi har dei som ope og ærleg seier at dei kan for lite og som vil lære meir, men ikkje finn rom for det i kvardagen, og som spør etter kurs og opplæring.

·         Vi har dei som syns at alt var betre før, at teknologien har teke overhand og skyggar for læring.

·         Vi har dei som meiner dei kan nok. Dei har lært Officepakka, Internett og grunnfunksjonane til ein PC, og brukar PC saman med elevar som eit søkje-, dokumentasjons –og presentasjonsverktøy.

·         Vi har dei som lar elevane nytte PC som dei vil, men der undervisninga ikkje er avhengig av reiskapen. PC er komen for å bli men det betyr ikkje noko frå eller til i arbeidet i klassen.

Det som er viktig er å ha respekt for at vi har alle desse ulike i ein og same skule. Me må samstundes leggje til rette for utvikling hos alle.

Vi veit av erfaring at enkeltkurs kan ha liten effekt. Den gode rettleiinga, kollegabasert samarbeid og oppmuntring kring dei små stega framover er det som verkar.

Vi må kartlegge, tilpasse og ha gode strategiar for utvikling. Samstundes må vi ha klare mål og klare krav - som vel og merke er fornuftige og gir meining og utvikling.

Skal ein snu utviklinga så må ein for det første gjere pedagogane kjende med kva som fins av teknologi og nye pedagogiske retningar, og vise at terskelen er lavare enn ein trur.

Intern opplæring, lokale superbrukarar, fokus på IKT i skulen sin skuleutviklings- og etterutdanningsplan og kontinuerleg oppfølging er suksessfaktorane.

I botn må ein ha ein rektor og ei leiing som er godt skulerte i pedagogisk bruk av IKT, som er offensive, framtidsretta, ser heilskapen og er støttande i utviklingsarbeidet.


 

Suksessfaktorane kan oppsummerast i følgjande modell:



 
1.     Rektor har ei hovudrolle og må vere den samlande faktoren. Viss ikkje rektor forstår og kan, så vil navet mangle i hjulet. Det viktigaste av alt framover vert å satse på kompetanseutvikling for rektorane.
 

2.     Ein må ha respekt for alle kunnskapsnivåa i organisasjonen, og ta omsyn til kompetansen til den einskilde

3.     .. difor må ein kartleggje kvar og ein, finne ut kor ein skal starte og korleis ein skal satse.

4.     Det må lagast tydelege milepelsplanar

5.     … og planane må følgjast. Vik ein frå planen og utset, så mistar ein truverdet. Skal ein lukkast må må ein halde ut og vere fokusert på målet.

6.     Ein er også avhengig av å ha ei lokal støtte ute i dei ulike einingane, kall det gjerne superbrukar(-ar). Superbrukaren er alltid der, og ein veit at ein kan få hjelp. Å spørje nokon med ein gong ein står fast og så få hjelp, er den beste form for læring. Skal ein superbrukar lokalt lykkast må det vere eit godt støtteapparat rundt, som forar med impulsar og fungerer som problemløysarar.

 

7. nov. 2014

Når skjer det læring?

Det er nye måtar å lære på og nye undervisningsformer, som for ein del er meir effektive, men som for andre kan føre til for lite oppfølging og at dei dett av lasset.
 
Korleis skal elevane nå måla i læreplanen ved hjelp av den teknologien vi omgjev oss med akkurat no?

Omvendt undervisning, nettbasert undervisning har kome for fullt, og  digital dokumentasjon i dag omfattar også bilete, film, lyd og anna multimediebasert innhald. Digitale læringsplattformer, digitale læreverk og nye kommunikasjonsformer er også ein del av kvardagen.

 

 

Omvendt undervisning – nettbasert undervisning – er det framtida?

Det kom særs positive tilbakemeldingar på samlinga for alle lærarar i TFK i Ibsenhuset 21. mars-14. Thomas Nordahl trollbatt heile forsamlinga.
Så stiller eg spørsmålet til delar av kollegiet mitt; «Kvifor skal me reise til Skien for å høyre på Thomas Nordahl, når me like godt kan streame foredraget rett til nettbrettet vårt heime i sofakroken? Kvifor skal me sitje og vente på eit kurs, når me kan oppdatere oss og lære når som helst og kor som helst? Når eg kan få dei mest glimrande førelesarane rett inn i stova, - kvifor skal eg reise på kurs eller vere i klasserommet og høyre på ein halvgod ein?»
Som det IKT-mennesket eg er (nerd?), så er dette heilt normale spørsmål å stille. Og dermed forundrar dei nesten unisone svara meg. «Det er ikkje det same!». Ein kollega sa: «Eg førebudde meg ved å gå inn på UDIR sine sider og sjå på videoar med Thomas Nordahl. Eg blei skuffa og var ikkje så motivert. Så kom eg til Ibsenhuset og høyrde Nordahl live, - og blei kjempebegeistra»
Det kollegiale samhaldet, det å vere saman om noko, å kunne drøfte i pausar, - å føle at ein har noko felles – dei same referansane. Dette betyr noko i læringsprosessen for dei kollegaene eg har rundt meg. Så kan ein sjølvsagt stille seg spørsmålet om dei er ein utdøyande rase. Vil ungdomane sin kjennskap og kunnskap om teknologien, og store forbruk av sosiale media, gjere at dei lærer på andre måtar? – og ikkje har det same behovet?
Både omvendt- og nettbasert undervisning krev at ein har motiverte elevar som greier å halde ut. Slik dei fleste kjenner den norske elevstanden, så veit ein at det er mange som ikkje høyrer heime i denne kategorien.
Utdrag fra presentasjon; Nordahl - Hattie 2009
Det er viktig å få fram at sjølv om det kjem nye metodar, så vil det berre føre til at læraren får fleire strengar å spele på, og at det i dette tilfellet er undervisninga som kan komme til å dreie meir frå formidling til rettleiing. Vel ein å sjå positivt på det, vil dette i praksis bety at læraren vil få meir tid til den einskilde elev, og at kommunikasjonen vil auke. Høvet for formativ vurdering vil auke, og dette gir betre læring, i følgje Thomas Nordahl si studie av J.Hattie sin rapport kring «Visible learning» frå 2009.
Det ville vere ei katastrofe for norsk skule viss ein trur at omvendt- og nettbasert undervisning vil vere ein måte å spare pengar på.

Vi må ikkje undervurdere det sosiale samspelet!

3. nov. 2014

iPad for læraren – kvifor?

Ein iPad kan nyttast på to måtar for ein lærar; i læring og for læring:

1.     Læraren kan nytte brett saman med elevar i undervisninga i staden for ein PC, og kan dermed nytte seg av lett tilgjengelege apps for å styrke læring, variere metodar og betre dokumentasjon av læring. iPad vert eit læringsverktøy.

2.     iPad kan også fungere som ein reiskap både i planlegging-, gjennomføring- og evalueringsarbeid. Læraren vil ha dobbel nytte av brettet. Uansett om elevane nyttar iPad eller ikkje. Det fins mange gode apps som utvidar arbeidsflata og opnar nye dører i arbeidet til ein lærar.

3.     Som ein bonus vil kunnskap om alternative digitale einingar gje læraren ei forståing av den teknologiske kvardagen, og dei digitale einingane som elevane allereie sit med. Lærar vil dermed kunne nytte seg av dette i pedagogiske metodar. Ein treng ikkje dele ut nettbrett og iPods til elevar, viss dei allereie har det, og kan bruke det til for eksempel smartbøker, film, podkast og liknande.

31. okt. 2014

IT-avdleinga si rolle i det pedagogiske arbeidet med IKT

iPadprosjekta har i min prosjektperiode i all hovudsak kome i stand etter initiativ frå IT-avdelinga, ofte etter innspel frå innovative personar/leiarar ute i einskildskular. Kanskje ikkje ei systematisk tilnærming, men samstundes ein rask måte å komme i gang på. Utfordringa har difor vore å setje prosjekta i system, og å «lære mens ein går».

Resultata ein ynskjer er rimelege løysingar som er driftssikre, enkle å bruke og som samstundes gir auka pedagogisk gevinst. Det syner seg vanskeleg å nå alle fire resultata. Spørsmålet vi alle saman vegrar oss for å svare på vert difor kven av resultata skal vi prioritere? – eller endå vanskelegare; kven skal vi prioritere bort? Pedagogikk og læring må ikkje ofrast fordi ein skal spare pengar. Det kostar å fylle ein digital reiskap med innhald, og dette kan avgrense høvet ein har til å nytte seg av god, pedagogisk programvare. Gode pedagogiske løysingar vil ofte bli kostnadskrevjande og systemutfordrande. Her ligg spenningspunktet mellom IT-avdelinga, pedagogane, administrasjon og politikarar.

Vi kan truleg aldri få nok av den grundige drøftinga kring kva eleven skal bruke den personlege, elektroniske dingsen dei skal få til odel og eige til. Her er eit hav av spørsmål vi ikkje har klare løysingar på; Kva har eleven tilgang til av utstyr i kvardagen sin, og kva manglar dei for å lære best? Kva skal eleven lære av å bruke ein personleg, elektronisk dings? kva utstyr brukar eleven mest når? – og dette utstyret vere med heim? Kva kan ein forvente at elevane har av utstyr heime? Kva kan «bring your own dewice» –BYOD løyse, - eller skape av nye utfordringar? Kan ein med BYOD løyse seg frå standardisering av utstyr, i og med at eleven alltid har program og eigenprodusert materiale tilgjengeleg online? Problem med juks og ukontrollert nettbruk i prøvesituasjonar kjem fram som ei stadig aukande problemstilling. Korleis løyser ein dette? 

IT-avdelinga har sine drøftingar kring dette, IKT-pedagogane har sine, pilotskulane har sine drøftingar, og det vert også drøfta på den einskilde skule. Debatten går truleg også høgt i heimane; kva er privat og kva er læring? Kva skal skulen bidra med og kva forventar vi at heimen bidreg med, - både med opplæring, haldningar og tid?

Har vi møteplassar og system som er gode for å ta dei felles drøftingane ofte og grundig nok? Er det tid nok til å ta dei gode debattane, og prioriterer ein dei rette spørsmåla? Kjem dei dei rette problemstillingane på bordet for debatt? Er det rom nok til å hente alle dei gode erfaringane vi gjer oss ute i kvardagen med elevar og lærarar, er det rom nok til å drøfte resultat og konkludere på rett grunnlag?

TFK har teke store steg framover med omsyn til dette. Det er utvikla ein eigen IKT-standard for elevane i vidaregåande skule. Det er også utarbeidd ein eigen IKT-strategiplan. Fleire lærarar har fullført vidareutdanning med IKT-fokus. IKT-foruma er tenkt å skulle fungere som møteplass, både dei lokale på den einskilde skule, og det sentrale IKT-forumet i TFK.

Det er viktig å heile tida stille spørsmålet om dette er godt fungerande og fører til dei resultat ein ynskjer.

 
Å ha ei godt fungerande IT-avdeling, som spelar på lag med pedagogane, og som har som målsetting å finne løysingar som tener elevane si læring best, er den ideelle situasjonen. TFK har ei slik IT-avdeling. Det er ikkje enkelt å balansere i spenningspunktet mellom kostnadskrav, effektivitet, driftssikre system og pedagogiske behov. I ein stor organisasjon er det mykje som skal fungere, og det er ikkje alltid lett å finne system som lar seg administrere på ein tilfredsstillande måte og som servar dei store massane. IT-avdelinga er heile tida ute etter å nytte seg av og utvikle dei store avtalene (i vårt tilfelle løysingane frå Microsoft), men samstundes teste ut nye system. Dei er flinke til å initiere prosjekt, men samstundes set dei også bremsene på i høve til system som dei i utgangspunktet ser på som for arbeidskrevjande og lite kompatible med eksisterande system. Tryggleik er viktig. Å ikkje få teste ut alt, kan til tider vere frustrerande. Særskilt når ein ser at det kan vere løysingar som fungerer godt pedagogisk. Men samstundes må me erkjenne at IT-system også har sine avgrensingar, og det er ikkje alt det er verdt å bruke mykje tekniske ressursar på å få til å fungere.

 
God kommunikasjon er viktig når vi ynskjer å teste ut og ta val. Difor er rommet for dei gode drøftingane essensielt for å finne dei beste løysingane.

3. okt. 2014

Vi er ei gang med kompetanseheving av heile personalet

Vest-Telemark vidaregåande skule startar i dag med kompetanseheving av heile det pedagogiske personalet.  Nyweb gir oss 15 stp i tema IKT og læring.

Leif Harboe held opningsforedraget, og etter det skal vi jobbe med emne tilpassar programområda og fagområda våre.




2. juli 2014

Uttesting av Slideshare og tankar om Web 2.0

Eg har lagt min første presentasjon på Slideshare:

 


Dette som del av eit oppdrag med å teste ut denne formen for web 2.0-funksjonalitet. Eg slår tre fluger i ein smekk, og har lært meg å lage Kahoots, og samtidig opplæring for andre og deling på Slideshare. Voila! - eit Kinderegg!.

Første inntrykket mitt av Slideshare er veldig kommersiellt. Her poppar det opp reklame, og det verkar rimeleg kaotisk. Som dei fleste andre tilbydarar innafor pedagogisk deling, så er dette også på engelsk, og tilpassa engelsk/amerikansk marknad og dermed også denne form for læringsstil.

Kvifor skal eg leggje den nynorske PowerPointen min på ein slik stad? Vel viss nokon kan forklare det til meg, så er det fint, for det har ikkje eg heilt forstått enno ;-) Eg har ei rekkje andre kanalar, - reklamefrie, der eg kan dele denne. Ikkje minst kan eg legge den på NDLA, og dele den med mine nynorskvenner der. Då kan det til og med hende at den beheld dei fine formateringane som ikkje kom med i overføringa til Slideshare.

Fordelen med å legge presentasjonar ein lagar på ein "internasjonal" stad er sjølvsagt at fleire kan få ta del i dei og "like", men mange vil nok bli skuffa og irriterte når dei søkjer på eit internasjonalt ord som "Kahoot", og så dukkar det opp eit språk som for dei er "kaudervelsk".

Vel, Den anbefalte fordelen med å bruke slideshare er det du ser på denne sida: Eg kan "embedde" presentasjonen inn i bloggen min, og så kommentere den mens du ser førstesida og kan klikke deg gjennom den. Det er jo fancy.

Har det nokon pedagogisk gevinst? Viss eg vil dele mine synspunkt rundt ein presentasjon, så vil eg heller hente den inn i Explain Everything, og så lage ein video av den. Det er meir dynamisk, og eg kan snakke kring kvart lysbilete. Det gir meg meir kontroll, og kan guide den som skal bruke den steg for steg.

Kjem eg til å bruke Slideshare seinare? - neppe! Embed-funksjonen er fin, men behovet mitt for "likes" er heller lavt, og eg trur eg når eit breiare publikum med å dele den på NDLA. Sorry Slideshare!

Web 2.0 og læringsplattform.

Slideshare er ein av mange tilbod innafor Web 2.0. Bloggar, wikiar, sosiale media, fildeleingskanalar og speialtenester innafor dette poppar opp som paddehattar. Vi kommuniserar og delar alt mellom himmel og jord, som aldri før, - og læring og skuleverket melder seg på for fullt.

Vi brukar Fronter for å publisere, kommunisere og vurdere elevane våre. Dette er ein lukka kanal, der vi har full kontroll. Marknaden for slike tenester er i midlertid i eksplosiv utvikling, og det er ikkje til å stikke under ein stol at funksjonaliteten til mykje av dette er både lekrare og meir tilgjengeleg. Det er viktig at vi testar ut det som fins (eller at noko gjer det for oss), slik at vi kan vurdere fordeler og ulemper.

Fordelen med å halde seg til Fronter har eg nemnt; det er eit lukka system, som skal vere trygt, - og i tillegg er det fritt for reklame.  I høve Datatilsynet sine krav, så har det også vore stillt spørsmål ved tryggleiken av data innafor Frontersystemet , men den debatten tek eg ikkje her.

Likevel er det personvern som for meg er heilt sentralt i all bruk av Web 2.0. Kor trygge er vi på at vi ivaretek omsynet til dette . Her vil eg faktisk trekkje det så langt at eg ikkje berre tenkjer på eleven sitt personvern, men læraren sitt også. Bruk av Facebook, legge presentasjonar på Slideshare, laste opp opplæringsvideoar til YouTube; viss du ikkje har tunga beint i munnen så blir heile arbeidet ditt bretta ut for heile verda med eit tastetrykk. Er det denne framtida me ynskjer? Kva gjer det med læraren sin integritet? Ver med på baletten eller meld deg ut???

Det er heilt klart at me kan få god læring av å nytte wikiar, sosiale media, quiz-verktøy, samspeling (t.. Minecraft++), men må vi heile tida eksponere kva vi gjer for heile verda? Det er ressurssvake elevar som ikkje vågar å seie eit ord i klassen ein gong, som berre les og aldri skriv på Facebook, som enno ikkje har lese ei heil side aleine i ei bok. Har dei nytte av web 2.0? Eller rettare sagt, det har dei, men kanskje andre delar enn det dei fleste i klassen har.

Det kan godt hende at endra læringssyn og nye pedagogiske metodar seier at elevar lærer best med all denne web 2.0-teknologien, men viss dette også inbefattar at alle lærarar skal eksponere seg meir eller mindre frivilleg på nett, for heile verda, så er eg litt redd for at me kjem til å miste både gode lærarar og verdifull kompetanse. Eg er også redd for at elevflokken kan bli endå meir splitta; dei som vågar og dei som ikkje vågar.

Ingen lærar kan i dag velje seg vekk frå teknologien. Web 2.0 er noko alle må forhalde seg til.

Greier vi å ivareta personvernet, greier vi oss utan tonnevis med "likes" , då trur eg at vi kan få noko positivt og konstruktivt ut av web 2.0. Det er viktig å ta dei store debattane i dei mest egna fora. Samarbeid mellom teknisk avdeling og pedagogane er heilt essensiellt for å finne dei beste "plattformene" og løysingane. Her må alle spele på lag. Det viktigaste er å kjenne godt til dei ulike verktøya, - først då kan me ta dei rette vala.
 

1. juli 2014

Dette gjekk du glipp av på TeachMeet på NKUL

Av alle ting vart eg utfordra til å melde meg på TeachMeet på NKUL i vår. To minutt fann eg ut var nok til å få formidla bodskapen min. Men .... dette er eit lotteri, og dei spennande sakene eg skulle formidle kom ikkje med. Fleire har spurt etter kva eg skulle snakke om, men boksen har vore tett ;-)

Så har eg blitt utfordra til å lage ein video med tema IKT i læring.

Så kva gjer ein? Jo; slår to fluger i ein smekk og prøver å lage ein video med det same innhaldet. Omsider er den så godt som klar.

3. apr. 2014

Målet er at IKT-teknologien skal florere og gjere utdanning betre, men ...

Her er eit lite utdrag av rapporten min som IKT-pedagog denne våren. Nokre tankar kring kompetanseutviklinga til pedagogisk personale;

"Av og til kan det vere like greitt å berre kaste seg ut i noko nytt. Vegen vert til mens ein går". Vi har kanskje vore litt for glade i dette prinsippet fram til no. Verkar det? Er det det som skal til for at pedagogisk personale skal ta i bruk ny teknologi?

Det er ein utopi å tru at alle lærarar kastar seg på den nye trenden, er endringsvillige og ser etter stadig nye måtar å gjere ting på. At lærarar automatisk ser kva som er i tida og kva vi bør satse på.

For oss som jobbar med IT er det lett å hente informasjon og kunnskap. Me er på samlingar og konferansar, me snakkar saman og er genuint opptatt av teknologien. System og finessar som dukkar opp er så enkle å ta i bruk, at det er lett å gløyme at dette er basert på at vi allereie sit inne med ei grunnforståing som mange truleg ikkje har. IKT-kompetente har varierande grad av forståing for kompetansenivået til det pedagogiske personalet, og difor nyttar ein ofte omgrep som er uforståelege, - og opplæring og "inspirasjon"når ikkje fram.

Her er altså scenarioet:
Elevane skal dannast til ei verd av teknologi og bruk av teknologi.
·         Vi har lærarar som forstår dette – og gjer noko med det.
·         Vi har lærarar som ikkje forstår dette – som trur at vi kan skru av Internett og halde på som før.
·         Vi har lærarar som forstår dette – men ikkje meistrar å tileigne seg kunnskap eller ikkje «orkar» det.

Historikk

Digital kompetanse har blitt sett fokus på i mange år, - men kva har eigentleg vore utviklinga hos den einskilde lærar? Krava har vore der men kva har den einskilde gjort med det og korleis har arbeidsgjevar satsa fram til no?  Elevar skal ha digital kompetanse, pedagogane har plikt på seg til å halde seg oppdatert, - men når og korleis har dette skjedd?

Vi starta med datalabbar. Eitt eller eit par rom med fast oppkopla maskiner, som, viss vi var heldige, starta og var klare etter 5-10 minutt. Vi måtte bestille rommet i god tid og dermed ha planen klar. Eit system som passar godt for dei gode strategane, - litt vanskelegare tilgjengeleg for dei impulsive. Viss vi spør, så vil vi nok finne ganske mange kollegaer som aldri bestillte ein datalab. Kva har det gjort med den grunnleggjande kompetansen til desse?
Så kom dei bærbare datamaskinene. For mange som eit rekrutteringstiltak, - etter kvart som eit «pålegg».

Ein lærar som i utgangspunktet ikkje har noko godt forhold til IT har hatt gode høve til å halde seg unna. Etter kvart har det blitt nødvendig å halde seg unna, fordi grunnkompetansen manglar. Det er fleire som kompenserer og gir inntrykk av at dei kan meir enn dei gjer. Det handlar om å halde fasaden. Når alle veit at å kunne Officepakka, lagring og Internett er heilt påkrevd, så er det særs vanskeleg å innrømme at dette meistrar eg ikkje. Å finne argument for å stengje Internett, klage over uoppmerksomme elevar som brukar teknologien til alt anna enn læring, å trivast best med dei gamle metodane, kan vere eit utslag av at ein ikkje har meistra å hengje med.
I ein hektisk kvardag, har det vore vanskeleg å finne rom for oppdatering, motivering og oppfølging av den einskilde lærar. Det har vore for lett å koble av og for høg terskel å kople på igjen.

Situasjonen i dag

  • Vi har eldsjeler som står på, testar ut, lærer det som er nytt og vil prøve ut – og som av og til ser at tilbodet om teknologi heng litt etter.
  • Vi har dei som ope og ærleg seier at dei kan for lite og som vil lære meir, men ikkje finn rom for det i kvardagen, og som spør etter kurs og opplæring.
  • Vi har dei som syns at alt var betre før, at teknologien har teke overhand og skyggar for læring.
  • Vi har dei som meiner dei kan nok. Dei har lært Officepakka, Internett og grunnfunksjonane til ein PC, og anvender PC saman med elevar som eit søkje-, dokumentasjons –og presentasjonsverktøy.
  • Vi har dei som lar elevane nytte PC som dei vil, men der undervisninga ikkje er avhengig av reiskapen. PC er komen for å bli men det betyr ikkje noko frå eller til i arbeidet i klassen.
Det som er viktig er å ha respekt for at vi har alle desse ulike i ein og same skule. Vi må kartlegge, tilpasse og ha gode strategiar for utvikling. Samstundes må vi ha ei leiing med klare mål og klare krav - som vel og merke er fornuftige og gir meining og utvikling. Korleis?
Mange leiingar ikkje har god nok forståing av korleis utviklinga går og kva som krevjast, samstundes som økonomien minkar, krava til dokumentasjon aukar og effektivitetsspøkelset truar. Då blir ikkje tilhøva gode for fagleg utvikling.