17. nov. 2014

Korleis få lærarane med?

Kva fungerer?


Det er eit krav i læreplanane at elevar skal ha tilgang til digitalt utstyr, og kunne nytte det i alle fag. I Telemark fylkeskommune har vi ein eigen IKT-standard for elevane, og me har vår eigen IKT-strategi. Det er vanskeleg for ein lærar å halde seg unna dette. Spørsmålet vert difor korleis vi skal greie å få alle med, - og få alle til å trivast med det.

Det er fleire grupperingar å ta omsyn til:


·         Vi har eldsjeler som står på, testar ut, lærer det som er nytt og vil prøve ut (– og som av og til ser at tilbodet om teknologi heng litt etter.)

·         Vi har dei som ope og ærleg seier at dei kan for lite og som vil lære meir, men ikkje finn rom for det i kvardagen, og som spør etter kurs og opplæring.

·         Vi har dei som syns at alt var betre før, at teknologien har teke overhand og skyggar for læring.

·         Vi har dei som meiner dei kan nok. Dei har lært Officepakka, Internett og grunnfunksjonane til ein PC, og brukar PC saman med elevar som eit søkje-, dokumentasjons –og presentasjonsverktøy.

·         Vi har dei som lar elevane nytte PC som dei vil, men der undervisninga ikkje er avhengig av reiskapen. PC er komen for å bli men det betyr ikkje noko frå eller til i arbeidet i klassen.

Det som er viktig er å ha respekt for at vi har alle desse ulike i ein og same skule. Me må samstundes leggje til rette for utvikling hos alle.

Vi veit av erfaring at enkeltkurs kan ha liten effekt. Den gode rettleiinga, kollegabasert samarbeid og oppmuntring kring dei små stega framover er det som verkar.

Vi må kartlegge, tilpasse og ha gode strategiar for utvikling. Samstundes må vi ha klare mål og klare krav - som vel og merke er fornuftige og gir meining og utvikling.

Skal ein snu utviklinga så må ein for det første gjere pedagogane kjende med kva som fins av teknologi og nye pedagogiske retningar, og vise at terskelen er lavare enn ein trur.

Intern opplæring, lokale superbrukarar, fokus på IKT i skulen sin skuleutviklings- og etterutdanningsplan og kontinuerleg oppfølging er suksessfaktorane.

I botn må ein ha ein rektor og ei leiing som er godt skulerte i pedagogisk bruk av IKT, som er offensive, framtidsretta, ser heilskapen og er støttande i utviklingsarbeidet.


 

Suksessfaktorane kan oppsummerast i følgjande modell:



 
1.     Rektor har ei hovudrolle og må vere den samlande faktoren. Viss ikkje rektor forstår og kan, så vil navet mangle i hjulet. Det viktigaste av alt framover vert å satse på kompetanseutvikling for rektorane.
 

2.     Ein må ha respekt for alle kunnskapsnivåa i organisasjonen, og ta omsyn til kompetansen til den einskilde

3.     .. difor må ein kartleggje kvar og ein, finne ut kor ein skal starte og korleis ein skal satse.

4.     Det må lagast tydelege milepelsplanar

5.     … og planane må følgjast. Vik ein frå planen og utset, så mistar ein truverdet. Skal ein lukkast må må ein halde ut og vere fokusert på målet.

6.     Ein er også avhengig av å ha ei lokal støtte ute i dei ulike einingane, kall det gjerne superbrukar(-ar). Superbrukaren er alltid der, og ein veit at ein kan få hjelp. Å spørje nokon med ein gong ein står fast og så få hjelp, er den beste form for læring. Skal ein superbrukar lokalt lykkast må det vere eit godt støtteapparat rundt, som forar med impulsar og fungerer som problemløysarar.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar