7. nov. 2014

Når skjer det læring?

Det er nye måtar å lære på og nye undervisningsformer, som for ein del er meir effektive, men som for andre kan føre til for lite oppfølging og at dei dett av lasset.
 
Korleis skal elevane nå måla i læreplanen ved hjelp av den teknologien vi omgjev oss med akkurat no?

Omvendt undervisning, nettbasert undervisning har kome for fullt, og  digital dokumentasjon i dag omfattar også bilete, film, lyd og anna multimediebasert innhald. Digitale læringsplattformer, digitale læreverk og nye kommunikasjonsformer er også ein del av kvardagen.

 

 

Omvendt undervisning – nettbasert undervisning – er det framtida?

Det kom særs positive tilbakemeldingar på samlinga for alle lærarar i TFK i Ibsenhuset 21. mars-14. Thomas Nordahl trollbatt heile forsamlinga.
Så stiller eg spørsmålet til delar av kollegiet mitt; «Kvifor skal me reise til Skien for å høyre på Thomas Nordahl, når me like godt kan streame foredraget rett til nettbrettet vårt heime i sofakroken? Kvifor skal me sitje og vente på eit kurs, når me kan oppdatere oss og lære når som helst og kor som helst? Når eg kan få dei mest glimrande førelesarane rett inn i stova, - kvifor skal eg reise på kurs eller vere i klasserommet og høyre på ein halvgod ein?»
Som det IKT-mennesket eg er (nerd?), så er dette heilt normale spørsmål å stille. Og dermed forundrar dei nesten unisone svara meg. «Det er ikkje det same!». Ein kollega sa: «Eg førebudde meg ved å gå inn på UDIR sine sider og sjå på videoar med Thomas Nordahl. Eg blei skuffa og var ikkje så motivert. Så kom eg til Ibsenhuset og høyrde Nordahl live, - og blei kjempebegeistra»
Det kollegiale samhaldet, det å vere saman om noko, å kunne drøfte i pausar, - å føle at ein har noko felles – dei same referansane. Dette betyr noko i læringsprosessen for dei kollegaene eg har rundt meg. Så kan ein sjølvsagt stille seg spørsmålet om dei er ein utdøyande rase. Vil ungdomane sin kjennskap og kunnskap om teknologien, og store forbruk av sosiale media, gjere at dei lærer på andre måtar? – og ikkje har det same behovet?
Både omvendt- og nettbasert undervisning krev at ein har motiverte elevar som greier å halde ut. Slik dei fleste kjenner den norske elevstanden, så veit ein at det er mange som ikkje høyrer heime i denne kategorien.
Utdrag fra presentasjon; Nordahl - Hattie 2009
Det er viktig å få fram at sjølv om det kjem nye metodar, så vil det berre føre til at læraren får fleire strengar å spele på, og at det i dette tilfellet er undervisninga som kan komme til å dreie meir frå formidling til rettleiing. Vel ein å sjå positivt på det, vil dette i praksis bety at læraren vil få meir tid til den einskilde elev, og at kommunikasjonen vil auke. Høvet for formativ vurdering vil auke, og dette gir betre læring, i følgje Thomas Nordahl si studie av J.Hattie sin rapport kring «Visible learning» frå 2009.
Det ville vere ei katastrofe for norsk skule viss ein trur at omvendt- og nettbasert undervisning vil vere ein måte å spare pengar på.

Vi må ikkje undervurdere det sosiale samspelet!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar