3. apr. 2014

Målet er at IKT-teknologien skal florere og gjere utdanning betre, men ...

Her er eit lite utdrag av rapporten min som IKT-pedagog denne våren. Nokre tankar kring kompetanseutviklinga til pedagogisk personale;

"Av og til kan det vere like greitt å berre kaste seg ut i noko nytt. Vegen vert til mens ein går". Vi har kanskje vore litt for glade i dette prinsippet fram til no. Verkar det? Er det det som skal til for at pedagogisk personale skal ta i bruk ny teknologi?

Det er ein utopi å tru at alle lærarar kastar seg på den nye trenden, er endringsvillige og ser etter stadig nye måtar å gjere ting på. At lærarar automatisk ser kva som er i tida og kva vi bør satse på.

For oss som jobbar med IT er det lett å hente informasjon og kunnskap. Me er på samlingar og konferansar, me snakkar saman og er genuint opptatt av teknologien. System og finessar som dukkar opp er så enkle å ta i bruk, at det er lett å gløyme at dette er basert på at vi allereie sit inne med ei grunnforståing som mange truleg ikkje har. IKT-kompetente har varierande grad av forståing for kompetansenivået til det pedagogiske personalet, og difor nyttar ein ofte omgrep som er uforståelege, - og opplæring og "inspirasjon"når ikkje fram.

Her er altså scenarioet:
Elevane skal dannast til ei verd av teknologi og bruk av teknologi.
·         Vi har lærarar som forstår dette – og gjer noko med det.
·         Vi har lærarar som ikkje forstår dette – som trur at vi kan skru av Internett og halde på som før.
·         Vi har lærarar som forstår dette – men ikkje meistrar å tileigne seg kunnskap eller ikkje «orkar» det.

Historikk

Digital kompetanse har blitt sett fokus på i mange år, - men kva har eigentleg vore utviklinga hos den einskilde lærar? Krava har vore der men kva har den einskilde gjort med det og korleis har arbeidsgjevar satsa fram til no?  Elevar skal ha digital kompetanse, pedagogane har plikt på seg til å halde seg oppdatert, - men når og korleis har dette skjedd?

Vi starta med datalabbar. Eitt eller eit par rom med fast oppkopla maskiner, som, viss vi var heldige, starta og var klare etter 5-10 minutt. Vi måtte bestille rommet i god tid og dermed ha planen klar. Eit system som passar godt for dei gode strategane, - litt vanskelegare tilgjengeleg for dei impulsive. Viss vi spør, så vil vi nok finne ganske mange kollegaer som aldri bestillte ein datalab. Kva har det gjort med den grunnleggjande kompetansen til desse?
Så kom dei bærbare datamaskinene. For mange som eit rekrutteringstiltak, - etter kvart som eit «pålegg».

Ein lærar som i utgangspunktet ikkje har noko godt forhold til IT har hatt gode høve til å halde seg unna. Etter kvart har det blitt nødvendig å halde seg unna, fordi grunnkompetansen manglar. Det er fleire som kompenserer og gir inntrykk av at dei kan meir enn dei gjer. Det handlar om å halde fasaden. Når alle veit at å kunne Officepakka, lagring og Internett er heilt påkrevd, så er det særs vanskeleg å innrømme at dette meistrar eg ikkje. Å finne argument for å stengje Internett, klage over uoppmerksomme elevar som brukar teknologien til alt anna enn læring, å trivast best med dei gamle metodane, kan vere eit utslag av at ein ikkje har meistra å hengje med.
I ein hektisk kvardag, har det vore vanskeleg å finne rom for oppdatering, motivering og oppfølging av den einskilde lærar. Det har vore for lett å koble av og for høg terskel å kople på igjen.

Situasjonen i dag

  • Vi har eldsjeler som står på, testar ut, lærer det som er nytt og vil prøve ut – og som av og til ser at tilbodet om teknologi heng litt etter.
  • Vi har dei som ope og ærleg seier at dei kan for lite og som vil lære meir, men ikkje finn rom for det i kvardagen, og som spør etter kurs og opplæring.
  • Vi har dei som syns at alt var betre før, at teknologien har teke overhand og skyggar for læring.
  • Vi har dei som meiner dei kan nok. Dei har lært Officepakka, Internett og grunnfunksjonane til ein PC, og anvender PC saman med elevar som eit søkje-, dokumentasjons –og presentasjonsverktøy.
  • Vi har dei som lar elevane nytte PC som dei vil, men der undervisninga ikkje er avhengig av reiskapen. PC er komen for å bli men det betyr ikkje noko frå eller til i arbeidet i klassen.
Det som er viktig er å ha respekt for at vi har alle desse ulike i ein og same skule. Vi må kartlegge, tilpasse og ha gode strategiar for utvikling. Samstundes må vi ha ei leiing med klare mål og klare krav - som vel og merke er fornuftige og gir meining og utvikling. Korleis?
Mange leiingar ikkje har god nok forståing av korleis utviklinga går og kva som krevjast, samstundes som økonomien minkar, krava til dokumentasjon aukar og effektivitetsspøkelset truar. Då blir ikkje tilhøva gode for fagleg utvikling.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar