31. okt. 2013

NDLA og prosjekt til fordjuping

Eg har havna inn i FYR-systemet, og vrir i desse dagar  hjernen for å få ned på papiret korleis eg yrkesrettar norskfaget. FYR legg opp til deling av gode, yrkesretta opplegg i fellesfag på FYR-sidene på NDLA.

Litt av poenget er å synleggjere fagtilknyting, - og måten ein gjer det på (i tillegg til gode titlar og beskrivingar) er å knyte saman mål i fellesfag med mål i yrkesfag.

Etter å ha klimpra ned tankane mine, og lasta opp halvårsplanen me brukar i norsk på vg1 Helse- og oppvekstfag, oppdaga eg til mi store forundring at det ikkje gjekk å knyte dette til læreplan i Prosjekt til fordjuping. Æh ... eg som syns eg hadde vore så flink til å vise korleis me yrkesrettar norskfaget hos oss ...

Som den ivrige tilbakemeldaren eg er, så kommenterte eg dette til NDLA i går. NDLA er raske til å ta kontakt og svare når innspel kjem. Det er superflott! 

Innspela og tankane NDLA har kring problemstillinga går på å  kunne knyte til vg3-mål. Det vil bli eit kjempearbeid for NDLA å legge inn alle desse måla. Og gevinsten er eg noko usikker på. Ein eller annan gong på sikt, så må dette også vere eit mål, men eg trur det vert å stille for store forveningar til kva NDLA skal greie å utrette for dei ressursane dei har til rådvelde.

Ynskjet mitt er at det på eitt eller anna vis skal kunne gå an å vise at eit undervisningsopplegg i fellesfag er knytt mot faget Prosjekt til fordjuping. Dette fordi hovudtanken med å yrkesrette eit fellesfag er å gjere det meir praksisnært, for å få elevane meir interessert og til å forstå kva dei skal nytte dette fellesfaget til. 

Ikkje noko fag på yrkesfag er vel meir praksisnært enn Prosjekt til fordjuping, så for ein fellesfaglærar å samarbeide med dette faget vil kunne gje stor gevinst. Ikkje minst vil norsk og PTF kunne dra store vekslar på kvarandre (noko eg også har prøvd å synleggjere med halvårsplanen eg har lagt ut). Så NDLA; å lage ei eller anna forenkla utgåve av læreplanen i faget Prosjekt til fordjuping (ikkje alle vg3-planane) vil kunne synleggjere at opplegga heng saman og samarbeider. Om så det er berre tittelen på faget, så vil det halde.

Eg kjenner i alle fall at mykje yrkesretting kanskje ikkje vert dokumentert fordi vi ikkje får synleggjort koplinga til PTF. Det eg måtte ha på lager er ikkje moro å dele viss eg ikkje får til å vise at det også er yrkesretting .... 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar