22. nov. 2012

Legg ned skjermen!

Vi brukar å be elevane om å legge ned skjermane når vi vil ha full merksemd på det som skal gå føre seg i klasserommet. Det er ein tung prosess, som ofte endar med halvvegs nedlagde skjermar, argumentasjon om at PC-en er så treg å starte opp igjen, vil ikkje logge på, skal berre .... m.m.

iPaden revolusjonerte dette, fordi den er så lett å skru av og på.... Det er litt lettare å få gehør i klasserommet no, - og kanskje noko lettare å nå fram. For det er bevist: hjernen taklar ikkje all den multitaskinga spesielt ungdom argumenterar med at dei taklar så bra. Vi lærer faktisk best med å ha ro og lite forstyrrande element i læringsprosessen.

Teknologien kan vere ei hjelp i læringsarbeidet, men den kan også vere eit særs forstyrrande element. Dette er eitt av dei mest brukte argumenta i debatten om teknologien inn i klaserommet.

Det nyttar ikkje å håpe på at Internett går over, eller at vi skal få ein "skru av Facebook"-knapp. Vi må heller satse på god klasseleiing, og ta teknologien i bruk. Likevel er vi klar over at mykje av bodskapen vår går tapt, mykje meir enn ved andre forstyrrande element, når vi tillet at eleven sig inn i teknologiske interesseområde som ikkje eigentleg har med det ein skal lære å gjere.

God klasseleiing er å få elevane til å legge ned skjermane når det ikkje er behov for å bruke teknologien. I skulen er dette ei brukbar oppgåve å overkomme. Rollene er klart definerte; læraren er den vaksne som veit best. Maktforholdet gjer at ein ganske greitt får forståing for kven som bestemmer. Difor kan ein gje ganske klare beskjedar utan at det skiplar balanseforholdet. - og gjervein det på rette måten, så går også beskjeden ganske greitt inn og vert etterfølgd.

Noko heilt anna skjer om ein skal ha kollegarettleiing eller kursing av vaksne. Her er det eit anna balanseforhold, der alle tek ansvar for seg sjølve. Her er det sjølvsagt at kvar og ein veit best kva som er best for seg sjølv. Ein førelesar kan i ein slik situasjon gjere eitt av to val; forsøkje seg på klasseleiing og legge premissar for korleis foredraget skal gjennomførast; be om at skjermen vert lagd ned, eller ein kan ignorere problemstillinga og setje igang, og halde fram, som om alle lyttar og følgjer med.

I det siste har eg både erfart sjølv, og vore i samanhengar der andre held føredrag, at kursdeltakarar er særs fråverande i det som går føre seg. Det kan godt hende at det som vert lagt fram er uinteressant, eller ikkje fenger, men i mange tilfelle vil eg påstå at den som vel å reise ut i cyberspace i staden for å følgje med, ikkje er i stand til å kople på tidsnok til å forstå om det ein vel å ikkje lytte til er viktig eller ikkje. Ein går så inn i det ein held på med at ein ikkje evnar å multitaske. Eg har sjølv gjort det, og er ikkje stolt av det.

Det er ikkje lett som førelesar å be om premissar for korleis ein ynskjer merksemda til tilhøyrarane. Ein blir sett litt stygt på, folk føler seg forulempa, "kom ikkje her og fortel meg kva eg skal gjere - eg veit best", ein blir sett på som litt bitchy, sinna, hissig ... Ja, det beste er nok å la vere å seie noko, og sjå at forsamlinga "veit best"

Det er faktisk heller ikkje lett å konkurrere mot cyberspace. Det er så mykje spennande der ute; nokon likar deg på fjesboka, det kjem ein e-post med eit supertilbod, Hamas har bomba Israel igjen. Kven kan konkurrere mot slikt? Ein kan ha ein viktig bodskap, ein kunne ha fått i gang gode debattar på grunnlag av innspel frå salen, men det kan vere litt for mange "skal berre". Ein blir usikker, og føler at ein burde ha vore ein litt betre skodespelar, ha regiert førestillinga si litt betre, funne eit emne som er litt gøyare og kan fenge endå meir, blitt meir populistisk ...

Kva gjer dette med førelesarane? Kva gjer det med lærarane?

Eg tenkjer at det er viktig at me vaksne tek inn over oss at me skal vise respekt for kvarandre som menneske og fagpersonar. Det kan hende at me ikkje greier å individuellt tilpasse bodskapen vår til kvar og ein når det passar dei. Difor må me kunne formidle ein bodskap felles til fleire samtidig. Eitt av måla i læreplanen i norsk er nett dette, å kunne delta i ulike munnlege samanhengar både som aktør og tilhøyrar. Eg trur det er på tide at me alle saman tek dette målet på alvor. Me må ta styringa over teknologien, det er ikkje den som skal ta kontrollen over oss.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar