24. sep. 2012

We made it!!

Snakk om kjempesmell etter oppgradering til nytt iOS, og så var opplasting til Fronter borte frå iCab Mobile. Helga blei trasig .... Men så - "Husk alltid å lese det som står med lita skrift" - Veeeldig viktig - her er løysinga og den nye verda!!:

No kan "alle" filer lastast opp til Fronter med iCab Mobile - Du må berre justere innstillingane i nettlesaren. Og det er ganske moro i iCabMobile, for det er så mange av dei, - og då seier eg maaaange. Safari er ei lita pingle i forhold.

Vel, då skal eg krype ut av den euforiske ekstasen eg befinn meg i for øyeblikket og bli litt seriøs: Gjer slik:

  • Bruk tannhjulet øverst til høgre i iCab Mobile. (- og det er her du får all verdens snacks å rote med ...)
  • Bruk "General settings" - og bla deg nedover lista på høgresida.
  • Finn "file Uppload via" og svitsj til "iCab Mobile"
  • Vel "Done" - og du er klar til å laste opp det du måtte ynskje til Fronter.

(Eg hadde eit lite håp om at Safari hadde funne på same løysinga, men ..... sjekk dei pinglete innstillingane der då .... æh ...)

Desverre har iCabMobile ikkje funne "Opne i..." -funksjonen enno, men det er håp. Kjem den, så kan lærar opne filene frå elevane i valt app (PDF expert, Office2HD, iAnnotate el.) og rette frå iCab Mobile også. ...

1 kommentar:

  1. Det viser seg at iCabMobile er ustabil ved opplasting av dokument. Den krasjar. To løysingar førebels (ikkje heilt gode, men ein start)
    I innstillingane til iCabMobile kan du be om at interne lekkjer vert opna i nytt vindu - Det blir maaaange nye vindu, men du unngår krasj.
    Du kan også prøve å hugse på å hake bort at fila skal opne seg i nytt vindu før du lastar den opp i Fronter (under opplastingsvindauget - til venstre for lagre)
    Dette kan hjelpe, men eg er ikkje hundre prosent sikker på kor mykje det hjelper.
    Eg har kontakt med utviklaren, og forhåpentlegvis jobbar han med problemet. Han har fått tilgang til Fronterbygingen til Søve vidaregåande. Takk til Irene for "testbrukaren".

    SvarSlett