1. juli 2013

Situasjonsrapport frå IKT-pedagogen publisert

Sist veke blei rapporten min frå arbeidet som IKT-pedagog publisert. På Google Disk. I tida framover vil eg etter kvart som eg får innspel, legge ut delar av den, opne for drøfting. Eg har det privilegiet at eg får teste ut, snakke med folk som prøver, hente erfaringar og drøfte bruk i meir eller mindre offisielle og uoffisiselle samanhengar (var det tydeleg formulert???), og difor presenterar eg ikkje statistisk materiale, men kvardagserfaringar og øyeblikksbilete frå kvardagen med bruk av digitale einingar.

Vi prøver og vi tek val. Skal ein vente på at den ultimate løysinga dukkar opp, så ventar ein forgjeves. Her må vi hoppe på det toget som skal dit vi vil. Det skaper sjølvsagt rom for debatt, og den tar vi. Ikkje noko er betre enn innspel som til saman vil skape ein betre kvardag for elevane våre.

Lykke til med lesing av rapporten, - og for all del; kom med innspel!

19. feb. 2013

Bruk sosiale media til noko nyttig

Det gjekk eit lys opp for meg i det eg byrja å bruke sidefunksjonen til Facebook. Ved å "like" frå den sida ein lagar, kan ein få informasjonsstraum frå andre offisielle sider, og ein unngår alle privatpersonar sine utgreiingar om middagsmat, trimturar og babybæsj. Fantastisk!

Ein kan altså få siste nytt frå Kristin Halvorsen, Utdanningsdirektoratet, NyGiv, NDLA, fylkesmannen, Telemark fylkeskommune og utruleg mange andre offisielle sider som er der ute. Kravet er at ein jobbar frå ei offisiell side som ein administrerar enten aleine eller saman med kollegaer. I mitt tilfelle er det www.facebook.com/VTVGS.

Det kan altså vere lurt å vurdere om ein i tillegg til å vere privatperson (som ein diverre må vere) også bør vere offisiell person/funksjon på Facebook. Her kan ein velje om ein vil vere aleine eller dele på ei side saman med andre. Fordelen med å vere aleine er at ein styrer alt sjølv, men aktiviteten og samhandlinga vert større viss ein er fleire, - og i tillegg når ein gjerne ut til eit større publikum.

I kraft av den funksjonen ein har, er det truleg lurt å styre bort frå den private sfæra i Facebook. Er ein venn med kollegaer, samarbeidspartnerar, næringsliv m.m. så er dette stort sett i jobbsamanheng. Kommentarar og innspel som kjem er gjerne jobbrelatert. Vi kjem ikkje bort frå at vi lever i ein kvardag der det er viktig å marknadsføre den jobben ein gjer, og sosiale media er ein viktig arena. Facebook er klart leiande i denne marknaden, - med andre litt haltande etter. Mitt råd til alle med ein funksjon som krev kommunikasjon og marknadsføring er å opprette side på Facebook.
 ..... og no banna eg vel litt i kirka for alle dei som er tilhengarar av Google sine løysingar, men Google ser eg meir som ein arena for lukka forum.  - meeeeen eg tek gjerne debatten. Ingen ting er betre enn at me saman marknadsfører dei beste løysingane for å bruke sosiale media til noko fornuftig


18. feb. 2013

"Bump" har fildeling tilbake!

Endeleg har appen Bump fått igjen funksjonen med å dele vanlege filer.

Lurer du på korleis du lett kan dele filmen du har laga, ein Keynote, PDF eller dokument med sidemannen, - legge det over på iPhonen din, - gje til læraren? Bruk Bump! "klask" einingane forsiktig saman, - og vips er fila overført. Enklare kan det nesten ikkje gjerast. Ingen kablar, inga skyteneste for mellomlagring eller deling - berre "Bump".

Har du ikkje appen? Den er gratis og du finn den i Appstore. Hugs å søkje på iPhone-appar, for den er av ein eller annan grunn ikkje formattilpassa til iPad - men den fungerar like bra for det.

15. jan. 2013

Er iPad det rette? Kva skal vi velje?

Er skulen klar for det teknologiske samfunnet vi lever i?  

Den teknologiske utviklinga gir oss mange utfordringar. Elevane sin (og vår) digitale kvardag, og nye krav i arbeidslivet fordrar at vi tenkjer nytt, - for me kan ikkje velje oss ut av det. Me MÅ følgje med. Difor er det viktig at me gjer forsøk og gjer oss erfaringar. Problemet vårt er at det er fleire tilbydarar som ynskjer å hegne om sine løysingar, og difor er lite villige til å opne opp og gje tilbod på tvers.

 
Det vi veit er at vi går meir og meir inn i ein kvardag som er app-basert. Apple var først ute, og dei andre kjem (etter mi meining) svært seint etter. Microsoft har i årevis fora oss med sine produkt (sjølv om vi har trudd at vi på «ulovleg vis» har «lånt» programvare), og dermed er det desse løysingane vi har blitt tilvant bruk av. Apple tenkjer i andre retningar og løyser ting på andre måtar, og det fører til at rekkefølgja og logikken i arbeidsoperasjonane ved hjelp av Appleprodukt vert annleis – det kan bli litt for arbeidskrevjande ikkje berre å snu på løysingane, men også pedagogikken.

Erfaringane med iPadinnføring 
Det er nokre få, men store hindringar i daglegarbeidet med ein iPad. Den har masse flotte appar, som kan gjere delar av undervisninga vår til ein leik. Men, det vi truleg har mest behov for; kommunikasjon med produkta til elevane våre og dokumentasjon, vert for tungvindt. Difor er det mange som ser med stor lengt etter Microsoft sine nettbrettløysingar. Eg også, - sjølv om det etter kvart går opp for meg at desse løysingane også er app-baserte. Noko som kanskje (eg veit ikkje) kan gje nokon av dei same problemstillingane som med iPaden.
 

Eg har brukt mykje tid og energi på å tenkje ut, prøve ut og også formidle vidare til kollegaer at vi bør tenkje nøye gjennom pedagogikken vår. Kan hende me her og no må bite i det sure eplet og innsjå at å vente på løysingar som passar den pedagogikken vi har, er misbruk av energien vår. Vi bør vere litt meir positivt søkande og på hugget,  og ha elevane si læring av faget i fokus. Korleis skal elevane nå måla i læreplanen ved hjelp av den teknologien vi i dag har tilgjengeleg?
 
Oppmuntring i pionerarbeidet 
Vi må bruke det vi har her og no, og samstundes forsøke å komme i dialog med utviklarane. På den måten så håpar eg at vi sakte men sikkert får løysingar som både er framtidsretta og gode pedagogiske. Som eg har drøfta tidlegare her; vi er truleg ikkje klar over det, men vi har faktisk i mange år tilpassa pedagogikken til teknologien. Så det skader ikkje at det no vert ruska i både oss pedagogar og utviklarane, for å finne dei beste måtane å lære på. Det er ein vanvittig pengebruk i det at vi er pålagde å halde elevane med digitalt utstyr. Då er det på sin plass at pedagogane får vere med å bestemme og ta val kring utstyr og innhald på «dippeduttane», - men det krev altså at vi kryp opp av den trygge kvardagen Microsoft har skapt for oss, - og prøver ut og reflekterar kring kva som gjev den beste læringa. Dette er både arbeidskrevjande, frustrerande til tider - og kan skape mykje motstand. Men resultatet vert at me truleg endar opp med ein betre pedagogikk og betre læring. 
 

Stå på alle som prøver ut! – og tenk på at vi gjer pionerarbeid ;o)

22. nov. 2012

Legg ned skjermen!

Vi brukar å be elevane om å legge ned skjermane når vi vil ha full merksemd på det som skal gå føre seg i klasserommet. Det er ein tung prosess, som ofte endar med halvvegs nedlagde skjermar, argumentasjon om at PC-en er så treg å starte opp igjen, vil ikkje logge på, skal berre .... m.m.

iPaden revolusjonerte dette, fordi den er så lett å skru av og på.... Det er litt lettare å få gehør i klasserommet no, - og kanskje noko lettare å nå fram. For det er bevist: hjernen taklar ikkje all den multitaskinga spesielt ungdom argumenterar med at dei taklar så bra. Vi lærer faktisk best med å ha ro og lite forstyrrande element i læringsprosessen.

Teknologien kan vere ei hjelp i læringsarbeidet, men den kan også vere eit særs forstyrrande element. Dette er eitt av dei mest brukte argumenta i debatten om teknologien inn i klaserommet.

Det nyttar ikkje å håpe på at Internett går over, eller at vi skal få ein "skru av Facebook"-knapp. Vi må heller satse på god klasseleiing, og ta teknologien i bruk. Likevel er vi klar over at mykje av bodskapen vår går tapt, mykje meir enn ved andre forstyrrande element, når vi tillet at eleven sig inn i teknologiske interesseområde som ikkje eigentleg har med det ein skal lære å gjere.

God klasseleiing er å få elevane til å legge ned skjermane når det ikkje er behov for å bruke teknologien. I skulen er dette ei brukbar oppgåve å overkomme. Rollene er klart definerte; læraren er den vaksne som veit best. Maktforholdet gjer at ein ganske greitt får forståing for kven som bestemmer. Difor kan ein gje ganske klare beskjedar utan at det skiplar balanseforholdet. - og gjervein det på rette måten, så går også beskjeden ganske greitt inn og vert etterfølgd.

Noko heilt anna skjer om ein skal ha kollegarettleiing eller kursing av vaksne. Her er det eit anna balanseforhold, der alle tek ansvar for seg sjølve. Her er det sjølvsagt at kvar og ein veit best kva som er best for seg sjølv. Ein førelesar kan i ein slik situasjon gjere eitt av to val; forsøkje seg på klasseleiing og legge premissar for korleis foredraget skal gjennomførast; be om at skjermen vert lagd ned, eller ein kan ignorere problemstillinga og setje igang, og halde fram, som om alle lyttar og følgjer med.

I det siste har eg både erfart sjølv, og vore i samanhengar der andre held føredrag, at kursdeltakarar er særs fråverande i det som går føre seg. Det kan godt hende at det som vert lagt fram er uinteressant, eller ikkje fenger, men i mange tilfelle vil eg påstå at den som vel å reise ut i cyberspace i staden for å følgje med, ikkje er i stand til å kople på tidsnok til å forstå om det ein vel å ikkje lytte til er viktig eller ikkje. Ein går så inn i det ein held på med at ein ikkje evnar å multitaske. Eg har sjølv gjort det, og er ikkje stolt av det.

Det er ikkje lett som førelesar å be om premissar for korleis ein ynskjer merksemda til tilhøyrarane. Ein blir sett litt stygt på, folk føler seg forulempa, "kom ikkje her og fortel meg kva eg skal gjere - eg veit best", ein blir sett på som litt bitchy, sinna, hissig ... Ja, det beste er nok å la vere å seie noko, og sjå at forsamlinga "veit best"

Det er faktisk heller ikkje lett å konkurrere mot cyberspace. Det er så mykje spennande der ute; nokon likar deg på fjesboka, det kjem ein e-post med eit supertilbod, Hamas har bomba Israel igjen. Kven kan konkurrere mot slikt? Ein kan ha ein viktig bodskap, ein kunne ha fått i gang gode debattar på grunnlag av innspel frå salen, men det kan vere litt for mange "skal berre". Ein blir usikker, og føler at ein burde ha vore ein litt betre skodespelar, ha regiert førestillinga si litt betre, funne eit emne som er litt gøyare og kan fenge endå meir, blitt meir populistisk ...

Kva gjer dette med førelesarane? Kva gjer det med lærarane?

Eg tenkjer at det er viktig at me vaksne tek inn over oss at me skal vise respekt for kvarandre som menneske og fagpersonar. Det kan hende at me ikkje greier å individuellt tilpasse bodskapen vår til kvar og ein når det passar dei. Difor må me kunne formidle ein bodskap felles til fleire samtidig. Eitt av måla i læreplanen i norsk er nett dette, å kunne delta i ulike munnlege samanhengar både som aktør og tilhøyrar. Eg trur det er på tide at me alle saman tek dette målet på alvor. Me må ta styringa over teknologien, det er ikkje den som skal ta kontrollen over oss.

6. nov. 2012

Grundigare om iTunes-U

Kva er god pedagogikk?

I prinsippet om "Vurdering for læring"skal eleven vere orientert om kriteria for vurderinga. Han skal vere godt orientert om kva han skal lære og kor han er i læreprosessen.

Ei lærebok er ei samling av fagstoff. Svært sjeldan har læreboka god nok informasjon om kva måla i læreplanen inneber. Vi ser sjeldan at lærestoffet viser direkte til måla, eller bryt ned måla og tek eleven med på ei naturleg vandring mot full kompetanse.

Slik er det truleg også best at det forblir. Ei lærebok skal vere staden vi går til for å finne kunnskapen.

Det er læraren og læraren sine planar og opplegg som skal vise eleven vegen mot kunnnskap. Så er det opp til læraren, og gjerne i samarbeid med eleven, å finne ut kva metodar som passar best for å plukke den kunnskapen som trengs til ei kvar tid.

Kva har dette med iTunes-U å gjere? Jo, iTunes-U kan brukast på to måtar; Som ein kanal for å finne lærestoff, og som reiskap for å knyte saman mål og lærestoff til ein naturleg læringssti.

Lærestoff kan publiserast direkte på iTunes-U, som Linda Terese Frønes sine naturfagvideoar, eller Tom Jarle Christiansen sine matteleksjonar. Men ein kan også sy saman bøker, PDF-ar, videoar, oppgåver m.m. til ein heilskap med ein naturleg progresjon ved hjelp av iCourse Manager. Her har Anders W. Røyne og eg sjølv prøvd å bidra.

Det er viktig å skilje mellom lærestoff og den jobben som læraren skal gjere; tilretteleggje for læring. Forlaga gir oss i dag tilbod om ei rekkje læreverk, meir eller mindre gode. NDLA gjer det same. - og mange andre kanalar der ute i verdensveven. iCourse Manager skal kunne brukast til å samle alt det som me lærarar ynskjer å formidle til elevane - me vel ut det me meinar er best for eleven, og lagar naturleg progresjon. I dette skal det vere rom for alle, både komersielle og mindre komersielle kanalar.

iCorse Manager er eit knakande godt verktøy til å bygge opp kurs med. Når me skal bygge opp kurs så brukar me det materialet me har tilgjengeleg. Viss ikkje forlaga kjem på banen og lar oss integrere deira stoff i dette, så spelar dei seg sjølv ut over sidelinja .... Me hentar stoff der det er lettast tilgjengeleg. Fram til no har det vore læreboka ... men med alt det flotte vi finn på nettet ....

1. nov. 2012

Digitale hjelpemiddel i matematikk

Fekk lov å dele denne flotte videoen om bruk av digitale hjelpemiddel i matematikk på Bamble vidaregåande skule.



Tusen takk til Tom Jarle Christiansen for supert innspel!