Den teknologiske utviklinga gir oss mange utfordringar. Elevane sin (og vår) digitale kvardag, og nye krav i arbeidslivet fordrar at vi tenkjer nytt, - for me kan ikkje velje oss ut av det. Me MÅ følgje med. Difor er det viktig at me gjer forsøk og gjer oss erfaringar. Problemet vårt er at det er fleire tilbydarar som ynskjer å hegne om sine løysingar, og difor er lite villige til å opne opp og gje tilbod på tvers.
Det vi veit er at vi går meir og meir inn i ein
kvardag som er app-basert. Apple var først ute, og dei andre kjem (etter mi
meining) svært seint etter. Microsoft har i årevis fora oss med sine produkt (sjølv
om vi har trudd at vi på «ulovleg vis» har «lånt» programvare), og dermed er
det desse løysingane vi har blitt tilvant bruk av. Apple tenkjer i andre retningar
og løyser ting på andre måtar, og det fører til at rekkefølgja og logikken i
arbeidsoperasjonane ved hjelp av Appleprodukt vert annleis – det kan bli litt
for arbeidskrevjande ikkje berre å snu på løysingane, men også pedagogikken.
Det er nokre få, men store hindringar i
daglegarbeidet med ein iPad. Den har masse flotte appar, som kan gjere delar av
undervisninga vår til ein leik. Men, det vi truleg har mest behov for;
kommunikasjon med produkta til elevane våre og dokumentasjon, vert for
tungvindt. Difor er det mange som ser med stor lengt etter Microsoft sine
nettbrettløysingar. Eg også, - sjølv om det etter kvart går opp for meg at
desse løysingane også er app-baserte. Noko som kanskje (eg veit ikkje) kan gje
nokon av dei same problemstillingane som med iPaden.
Eg har brukt mykje tid og energi på å tenkje
ut, prøve ut og også formidle vidare til kollegaer at vi bør tenkje nøye
gjennom pedagogikken vår. Kan hende me her og no må bite i det sure eplet og
innsjå at å vente på løysingar som passar den pedagogikken vi har, er misbruk
av energien vår. Vi bør vere litt meir positivt søkande og på hugget, og ha elevane si læring av faget i fokus. Korleis
skal elevane nå måla i læreplanen ved hjelp av den teknologien vi i dag har
tilgjengeleg?
Oppmuntring i pionerarbeidet
Vi må bruke det vi har her og no, og samstundes
forsøke å komme i dialog med utviklarane. På den måten så håpar eg at vi sakte
men sikkert får løysingar som både er framtidsretta og gode pedagogiske. Som eg
har drøfta tidlegare her; vi er truleg ikkje klar over det, men vi har faktisk
i mange år tilpassa pedagogikken til teknologien. Så det skader ikkje at det no
vert ruska i både oss pedagogar og utviklarane, for å finne dei beste måtane å
lære på. Det er ein vanvittig pengebruk i det at vi er pålagde å halde elevane
med digitalt utstyr. Då er det på sin plass at pedagogane får vere med å bestemme
og ta val kring utstyr og innhald på «dippeduttane», - men det krev altså at vi
kryp opp av den trygge kvardagen Microsoft har skapt for oss, - og prøver ut og
reflekterar kring kva som gjev den beste læringa. Dette er både
arbeidskrevjande, frustrerande til tider - og kan skape mykje motstand. Men resultatet vert at me truleg endar opp med ein betre pedagogikk og betre læring.
Stå på alle som prøver ut! – og tenk på at vi gjer pionerarbeid ;o)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar