Så har eg sett lyset!
Du treng ikkje å bli miniforfattar og gå gjennom forlagsdissekering for å få publisert boka di. I iCourse Manager (eller iTunes U Course Manager) kan du fritt laste opp boka du har laga i iBoks Author - og den dukkar opp med ein gong.
Så var den saka løyst - då er det berre å gå i gang og lage bra stoff for elevar, studentar og alle dei andre dyra i Hakkebakkeskogen ;o)
Ulempen er sjølvsagt at du berre får det publisert på iPad og iPhone .....
Elles; iCourse Manager er eit supert konsept - med litt forbetringspotenisale. Å lage kurs er moro, og det får eit ganske tiltalande resultat. Du må sjølvsagt både ha ein mac og iPad, du må publisere for å sjå korleis det vert sjåande ut, og du har ein del avgrensingar på layout (som for den feminine sida av meg er litt frustrerande - og faktisk pedagogen i meg streikar litt også) - men alt i alt her er ein god start.
Gledar meg til å finne ut om andre kan gjere dette universellt.
Etter oppfordring legg eg her ut kurskoden for mitt første kurs "Opplæring i iPad for lærarar", så kan dei som har lyst låne det og bruke det. Kom gjerne med innspel - det er i startgropa. Kurskode: FMQ-X7K-AK3

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar