Lars Kise har skrive leiar om prosjektet vårt i måndagsavisa. Det er til og med på nettsidene! Sjekk http://www.varden.no/meninger/leder/en-skole-for-framtida-1.6568100
Dei meir personlege betraktingane om den digitale verda til Telemark fylkeskommune. Velkommen inn!
24. okt. 2011
22. okt. 2011
Vi er på førstesida til Varden i dag!
![]() |
| Bilete teke av Reidar Peersen i Varden |
14. okt. 2011
... ja, og så var eg på pilot-samling på Rauland
Litt moro å få fortelje om prosjektet vårt til alle IT-pilotane i fylket. Statistikken viser at nokre få sette innlegget mitt som det beste på samlinga også ... ;o) Det må jo vere bra, når det var så mange andre proffe innlegg.
Knabba denne eg. Takk for lånet Stigertun ;o).
Så er vi verkeleg i gang
Det har gått ei stund sidan sist, - men så har vi også forsøkt å komme oss gjennom igangfasen.
Mykje småting skjer, og eg kunne sikkert ha skrive litt om kvar av dei, men ein skal ha tid også ;o)
Me har fått på plass brett også til lærarane til klassen. Litt att før vi har fått på plass alt av oppsett og opplæring, men me nermar oss. Lærarane har også fått prøve seg litt på eiga hand først, og så tek me grundig opplæring etter kvart. Stort sett positive tilbakemeldingar, men her er det også viktig å vere konstruktivt kritiske, for å få fram nytteverdien og kanskje også meirverdien av å bruke brett.
Sidan sist har elevane, og eg, oppretta G-mail-konto, og sett denne opp som e-postkonto på brettet. Det betyr at vi no kan sende epost til kvarandre. Innleveringar av oppgåvar vil heretter skje på denne måten i mine fag. Å skrive oppgåver og levere på Fronter er framleis eit mysterium.
Men, er det så problematisk å ikkje levere oppgåver på Fronter?
La meg lage ei lita samanlikning;
Fronter <-> e-postinnlevering:
Lærar:
Lagar mappe i Fronter <-> Gjer ikkje noko
Eleven:
Skriv oppgåva i Word <-> Skriv oppgåva i Pages
Loggar seg på Fronter
Klikar seg inn diverse mapper (ofte mange klikk)
Klikkar på last opp fil <-> Vel Del og skriv ut
Skriv inn Opplysningar om fila <-> Vel PDF og Skriv inn e-postadresse
Lagre <-> Send
Lærar:
Leitar seg fram til den rette mappa og eleven for å finne levert fil.
Vågar ikkje å rette direkte i fila til eleven, så ein lagar seg mappe på PC og lastar ned fila.
Opnar dokumentet i Word <-> Opnar e-post og opnar dokumentet i iAnnotate
Kan spore endringar, skrive inn, stryke ut og gule ut <-> Kan i tillegg legge inn notatbobler, ta bilete, legge inn lydkommentar, spele inn film, gule ut og skrive på notat på før nemnde måtar m.m.
Skriv inn karakter og kommentar i oppgåva + i kommentarfeltet på Fronter <-> Skriv inn karakter og kommentar i oppgåva
Lastar opp fila frå PC til Fronter <-> Sender fila som Annotert direkte frå iAnnotate via e-post til eleven.
Skriv inn karakter og kommentar i karaktermodulen i Fronter <-> Skriv inn karakter og kommentar i karaktermodulen i Fronter.
<-> Organiserar filene frå elevane i iAnnotate.
Eleven:
Loggar seg på Fronter
Leitar fram innleveringsmappa og klikkar på les kommentar <-> opnar epost
Opnar fila med kommentarar i Word <-> Opnar filvedlegget i iAnnotate
Kva eleven vel å gjere med tilbakemeldingane på oppgåva er opp til den einskilde, men det kan hende det er meir interessant å jobbe med tilbakemeldinga viss lærar har lagt inn bilete eller lydkomentar.

16. sep. 2011
Stemningsrapport - og litt politikk
Å ta på seg eit arbeid med å vere pioner i utviklinga av bruk av IT i undervininga, er svært gjevande, men også mykje slit. Det ligg mange utfordringar som skal forserast før ein når dei ulike milepelane. Det tekniske skal på plass, opplæring i bruk skal gjevast, og når ein har med menneske å gjere så skal alle ha innføring og opplæring på sitt nivå. Me må nå alle.
I eit slikt arbeid er det viktig å kunne sleppe taket i alt det som går føre seg i kvardagen "nede på golvet", flyge opp, og betrakte det heile i eit metaperspektiv. Ein må sjå på situasjonen før og situasjonen no, og samanlikne. Ein må også heile tida ha det viktigaste fokuset; elevane si læring skal fremjast og ikkje hemmast. Teknikken, og problemstillingane ein støyter på må ikkje få ta for stor plass. Då må ein ha reserveløysingar i bakhand.
I dei to siste vekene, har eg på ein måte endeleg kome i gang med kombinasjonen fag og teknikk. Det har gått med ein del timar til oppsett, nedlastingar og opplæring. Det kan synast som om faget har kome i bakgrunnen. Då er det viktig også å vite kvifor ein gjer slikt, og forankre det i læreplanen.
Me må ha følgjande grunngjevingar med oss:
Kunskap om bruk av IT er i alle læreplanar, er definert som grunnleggjande kompetanse og er del av den generelle læreplanen. Me er med andre ord pålagt å bruke IT i undervisninga. Me er også pålagt å halde oss fagleg oppdaterte til ei kvar tid.
Samfunnet er i ei stadig teknologisk utvikling, - og me gjer oss meir og meir avhengig av denne teknologien. Skulen utgjer ein stor del av elevane sin kvardag, og læringsarbeidet her må spegle det elevane omgjev seg med. Det er viktig å vinne ITarenaer til nyttig arbeid, og vi må ha som mål å auke læringa ved hjelp av dei.
Så kan ein spørje seg om det er noko meining i å ploge vegen og bruke mykje energi på å vere først.
Alt for mange lenar seg tilbake og håpar på at IT-bølga skal "gå over". Eg vil påstå at dette, i den tida vi er i, hemmar den nødvendige utviklinga og tilpassinga til kvardagen elevane skal ut i. Eg er faktisk litt skremt over kor mange det er som snur seg bort frå den gode reiskapen IT er for læring. Dette meinar eg har sett IT-satsinga til fylkeskommunen i fare. - og no skal eg faktisk (etter eit lite historisk tilbakeblikk) bli litt politisk.
Vest-Telemark vidaregåande skule har heile tida vore i forkant når det gjeld bruk av teknologien. Vi starta med berbare PC-ar på hjelpepleiarutdanninga allereie i 2003. Før det laga me vår eigen pedagogiske plattform, og nytta Frontpage og eige domene www.hjelpepleie.no for å samhandle og legge ut fagstoff til elevane. Litt seinare vart det kjøpt bærbare PC-ar til den gang allmennfag, og etter det tok mekaniske fag i bruk læreverk på nett, - og store delar av den avdelinga nyttar i dag berre læreverk på nett. Alle våre elevar har i mange år nytta berbar PC i undervisninga, og vi hadde gode leasingavtaler. Dette gjorde at vi hadde ei god gjennomstrøyming av utstyr, og elevane betalte ut og tok med seg maskinene sine etter endt utdanning.
Så gjorde fylket (og den politiske leiinga) vedtak om at alle elevar skal få berbar PC. Flott i utgangspunktet, men innføringstakten og endringar i vedtak under vegs har sett store kjeppar i hjula for oss. For det første har vi fått føringar frå fylket om at det berre er elevar på studiespesialiserande avdeling som treng dette i første omgang, yrkesfag må vente. Me får heller ikkje lov å lease og selje ut utstyr til elevane slik me gjorde før. Dette betyr at for at elevane på yrkesfag skal få tilgang til IT-utstyr, må skulen kjøpe inn dette, og låne det ut til elevane. Med ei svært stram budsjettildeling frå fylket er det avgrensa kva me kan fornye av utstyr, og me slit med vedlikehald og oppdateringar. Alt me tilbyr av IT-utstyr til elevane våre, må me ta av eige budsjett. Når andre skular prioriterer bort dette, fordi dei vel å ignorere pålagde oppgåver og mål i læreplanen, er det me som må lide for dette. Me føler at det politiske miljøet i fylket sit med eit inntrykk av at det ikkje er så nøye med IT-utstyr til yrkesfag, fordi dei ikkje brukar det.
Når fylket vel den dyre, og ressurskrevjande, løysinga med berbare PCar til elevane, så må det tenkjast nytt. iPad-prosjektet er vår måte å få merksemd kring denne problematikken på. Kan me med slitet vårt vise at det kan nyttast rimelgare og mindre ressurskrevjande metodar for å nå måla i læreplanen, så skal eg heller svette litt. Dette trur eg vil komme fleire elevar til gode på sikt.

8. sep. 2011
Elevmedverknad
Læreplanen i helsefag har 8 mål. Desse har eg laga om til mange små, forståelege og konkrete mål. Måla har eg fordelt på tre nivå; basiskompetanse, middels nivå og høgt nivå.
Elevane kan på denne måten velje om dei vil konsentrere seg om mål berre på basisnivå, prøve seg på middels nivå eller spe på med mål på høgt nivå. Elevane får også meir eller mindre velje kva metode dei vil bruke for å nå måla.
Dette er det me kallar elevmedverknad
Så var endå ein milepæl i gang ...
Målet mitt er eigentleg nådd; vi er i gang med å bruke brettet etter intensjonane.
Elevane har henta inn i iAnnotate periodeplanen for alle fag (vi samarbeider alle faglærarar om ein felles for ca. 4 veker)
Elevane har henta inn i iAnnotate dokumentet med alle delmåla for helsefag.
- og dei har allereie alle lærebøkene på plass i same program.
I går jobba dei i to timar med planen, slik målsettinga er. Dei likte veldig godt å jobbe på denne måten.
Dei finn kva mål dei skal jobbe med i periodeplanen. Dei slår opp måla og markerar dei (brukar "gul markeringspenn", skriv inn notat, tek eit bilete for å dokumentere m.m.) etter kvart som dei når dei.
Metoden dei brukar for å nå målet er opp til dei sjølve. Men poenget er at alt dei treng er på ein og same stad; iAnnotate. Dei treng verken papirlærebøker, kladdebøker, kopi av planar og mål eller skrivemateriell. Dei kan heile tida følgje med på kva dei kan og kor langt dei der komne både i periodeplan og måldokument. Planar treng ikkje berre fyllast ut med "gultusj", dei kan også suppelarast med kommentarar, bilete m.m.
Læreboka kan også fyllast med markeringar og notat. Her er det likevel litt synd at forlaget har sperra for å tryggleikskopiere med notat. Elevane må vere flinke til ikkje å slette læreboka (det er litt for lettvint). Men, eg håpar vi finn metodar for dette. Litt synd viss fleire veker med arbeid i læreboka vert borte.
Abonner på:
Innlegg (Atom)