3. apr. 2014

Målet er at IKT-teknologien skal florere og gjere utdanning betre, men ...

Her er eit lite utdrag av rapporten min som IKT-pedagog denne våren. Nokre tankar kring kompetanseutviklinga til pedagogisk personale;

"Av og til kan det vere like greitt å berre kaste seg ut i noko nytt. Vegen vert til mens ein går". Vi har kanskje vore litt for glade i dette prinsippet fram til no. Verkar det? Er det det som skal til for at pedagogisk personale skal ta i bruk ny teknologi?

Det er ein utopi å tru at alle lærarar kastar seg på den nye trenden, er endringsvillige og ser etter stadig nye måtar å gjere ting på. At lærarar automatisk ser kva som er i tida og kva vi bør satse på.

For oss som jobbar med IT er det lett å hente informasjon og kunnskap. Me er på samlingar og konferansar, me snakkar saman og er genuint opptatt av teknologien. System og finessar som dukkar opp er så enkle å ta i bruk, at det er lett å gløyme at dette er basert på at vi allereie sit inne med ei grunnforståing som mange truleg ikkje har. IKT-kompetente har varierande grad av forståing for kompetansenivået til det pedagogiske personalet, og difor nyttar ein ofte omgrep som er uforståelege, - og opplæring og "inspirasjon"når ikkje fram.

Her er altså scenarioet:
Elevane skal dannast til ei verd av teknologi og bruk av teknologi.
·         Vi har lærarar som forstår dette – og gjer noko med det.
·         Vi har lærarar som ikkje forstår dette – som trur at vi kan skru av Internett og halde på som før.
·         Vi har lærarar som forstår dette – men ikkje meistrar å tileigne seg kunnskap eller ikkje «orkar» det.

Historikk

Digital kompetanse har blitt sett fokus på i mange år, - men kva har eigentleg vore utviklinga hos den einskilde lærar? Krava har vore der men kva har den einskilde gjort med det og korleis har arbeidsgjevar satsa fram til no?  Elevar skal ha digital kompetanse, pedagogane har plikt på seg til å halde seg oppdatert, - men når og korleis har dette skjedd?

Vi starta med datalabbar. Eitt eller eit par rom med fast oppkopla maskiner, som, viss vi var heldige, starta og var klare etter 5-10 minutt. Vi måtte bestille rommet i god tid og dermed ha planen klar. Eit system som passar godt for dei gode strategane, - litt vanskelegare tilgjengeleg for dei impulsive. Viss vi spør, så vil vi nok finne ganske mange kollegaer som aldri bestillte ein datalab. Kva har det gjort med den grunnleggjande kompetansen til desse?
Så kom dei bærbare datamaskinene. For mange som eit rekrutteringstiltak, - etter kvart som eit «pålegg».

Ein lærar som i utgangspunktet ikkje har noko godt forhold til IT har hatt gode høve til å halde seg unna. Etter kvart har det blitt nødvendig å halde seg unna, fordi grunnkompetansen manglar. Det er fleire som kompenserer og gir inntrykk av at dei kan meir enn dei gjer. Det handlar om å halde fasaden. Når alle veit at å kunne Officepakka, lagring og Internett er heilt påkrevd, så er det særs vanskeleg å innrømme at dette meistrar eg ikkje. Å finne argument for å stengje Internett, klage over uoppmerksomme elevar som brukar teknologien til alt anna enn læring, å trivast best med dei gamle metodane, kan vere eit utslag av at ein ikkje har meistra å hengje med.
I ein hektisk kvardag, har det vore vanskeleg å finne rom for oppdatering, motivering og oppfølging av den einskilde lærar. Det har vore for lett å koble av og for høg terskel å kople på igjen.

Situasjonen i dag

  • Vi har eldsjeler som står på, testar ut, lærer det som er nytt og vil prøve ut – og som av og til ser at tilbodet om teknologi heng litt etter.
  • Vi har dei som ope og ærleg seier at dei kan for lite og som vil lære meir, men ikkje finn rom for det i kvardagen, og som spør etter kurs og opplæring.
  • Vi har dei som syns at alt var betre før, at teknologien har teke overhand og skyggar for læring.
  • Vi har dei som meiner dei kan nok. Dei har lært Officepakka, Internett og grunnfunksjonane til ein PC, og anvender PC saman med elevar som eit søkje-, dokumentasjons –og presentasjonsverktøy.
  • Vi har dei som lar elevane nytte PC som dei vil, men der undervisninga ikkje er avhengig av reiskapen. PC er komen for å bli men det betyr ikkje noko frå eller til i arbeidet i klassen.
Det som er viktig er å ha respekt for at vi har alle desse ulike i ein og same skule. Vi må kartlegge, tilpasse og ha gode strategiar for utvikling. Samstundes må vi ha ei leiing med klare mål og klare krav - som vel og merke er fornuftige og gir meining og utvikling. Korleis?
Mange leiingar ikkje har god nok forståing av korleis utviklinga går og kva som krevjast, samstundes som økonomien minkar, krava til dokumentasjon aukar og effektivitetsspøkelset truar. Då blir ikkje tilhøva gode for fagleg utvikling.

31. okt. 2013

NDLA og prosjekt til fordjuping

Eg har havna inn i FYR-systemet, og vrir i desse dagar  hjernen for å få ned på papiret korleis eg yrkesrettar norskfaget. FYR legg opp til deling av gode, yrkesretta opplegg i fellesfag på FYR-sidene på NDLA.

Litt av poenget er å synleggjere fagtilknyting, - og måten ein gjer det på (i tillegg til gode titlar og beskrivingar) er å knyte saman mål i fellesfag med mål i yrkesfag.

Etter å ha klimpra ned tankane mine, og lasta opp halvårsplanen me brukar i norsk på vg1 Helse- og oppvekstfag, oppdaga eg til mi store forundring at det ikkje gjekk å knyte dette til læreplan i Prosjekt til fordjuping. Æh ... eg som syns eg hadde vore så flink til å vise korleis me yrkesrettar norskfaget hos oss ...

Som den ivrige tilbakemeldaren eg er, så kommenterte eg dette til NDLA i går. NDLA er raske til å ta kontakt og svare når innspel kjem. Det er superflott! 

Innspela og tankane NDLA har kring problemstillinga går på å  kunne knyte til vg3-mål. Det vil bli eit kjempearbeid for NDLA å legge inn alle desse måla. Og gevinsten er eg noko usikker på. Ein eller annan gong på sikt, så må dette også vere eit mål, men eg trur det vert å stille for store forveningar til kva NDLA skal greie å utrette for dei ressursane dei har til rådvelde.

Ynskjet mitt er at det på eitt eller anna vis skal kunne gå an å vise at eit undervisningsopplegg i fellesfag er knytt mot faget Prosjekt til fordjuping. Dette fordi hovudtanken med å yrkesrette eit fellesfag er å gjere det meir praksisnært, for å få elevane meir interessert og til å forstå kva dei skal nytte dette fellesfaget til. 

Ikkje noko fag på yrkesfag er vel meir praksisnært enn Prosjekt til fordjuping, så for ein fellesfaglærar å samarbeide med dette faget vil kunne gje stor gevinst. Ikkje minst vil norsk og PTF kunne dra store vekslar på kvarandre (noko eg også har prøvd å synleggjere med halvårsplanen eg har lagt ut). Så NDLA; å lage ei eller anna forenkla utgåve av læreplanen i faget Prosjekt til fordjuping (ikkje alle vg3-planane) vil kunne synleggjere at opplegga heng saman og samarbeider. Om så det er berre tittelen på faget, så vil det halde.

Eg kjenner i alle fall at mykje yrkesretting kanskje ikkje vert dokumentert fordi vi ikkje får synleggjort koplinga til PTF. Det eg måtte ha på lager er ikkje moro å dele viss eg ikkje får til å vise at det også er yrkesretting .... 

10. okt. 2013

Apps som krasjar

I min iver etter å teste kva iPaden greier, så greier eg sjølvsagt å fryse/krasje apps. Det skulle jo berre mangle. Krasjing tyder på heftig bruk :-)

i Nytt iOS er det ein del snacks, men det meste er ved det gamle ... Men det der med å stoppe apps var ikkje heilt enkelt å finne ny løysing på. Tidlegare har ein kunne dobbeltklikke på hjem-knappen,, så fekkk vi opp rekkja med opne apps, - kunne halde på appen vi vil stoppe, og så klikke den bort med raudt kryss i hjørnet. Det går ikkje lengre ...

Men etter å ha tråla hjelpsidene til apple (http://www.apple.com/support/ipad/), så er det ei smooothe løysing på plass. Dobbelttrykk på hjemknappen som tidlegare, finn appen og så tek du tak i sida/appen du vil stoppe og berre drar den oppover skjermen. Boff! ... så er den stoppa. Elegant!

Om eg er så veldig glad for at det berre er tre og tre apps som kjem fram i gongen, - vel ... det blir vel ein vane ....

 

8. okt. 2013

Leikar meg med Explain Everything

Så var det å ta steget vidare og lage undervisningsvideoar.

Som den alternative digitale pedagogene eg er så må eg prøve meg fram med iPad, og gjere det på den måten. Valet er for tida ganske enkelt; eg må bruke Explain Everything og perfeksjonere meg på den. Problemet mitt er sjølvsagt at eg helst vil gjere alt på ein gong. Helst slik at det ser profft ut!

Eg må også i same slengen bli litt meir brukar av bloggen min, og vil, mens eg driv og eksprimenterar, blogge litt mens arbeidet pågår. Håpet er fleire små blogginlegg med oppdatering kring korleis arbeidet går.

Så langt har eg kome:

Tanken min er å ta utgangspunkt i ein Keynote og presentere denne på ein informativ og interessant måte. Eg har tatt utgangspunkt i rapportskriving.
Keynoten er laga, - ganske fin syns eg. Det er berre det festleg rundt, og det å snakke inn som står att, - meeeen .....

Så kom det nokre skjær i sjøen, som eg har lyst til å dele med dykk.

Eg er litt redd for å snakke inn kommentarane mine .... kva skal eg seie, når? Er stemma mi bra nok? .... dørstokkmila på iPad ... prestasjonsangsten blomstrar.

Vel, løysing på det er jo det eg helst triv til, -jobbe litt meir med presentasjonen, perfeksjonere litt og finne meir avanserte løysingar. Der er eg i dag. Så får eg mote meg litt meir på den snakkinga ...

Keynoten har eg laga veld hjelp av appen Keynote (sjølvsagt), men også "50 templates", som har lekre layouts for Keynote, og som lett lar seg redigere i Keynote.

Så eksportere til Explain Everything ....
......... .......... ......... BOFF! Bortevekk ... Lang og fin keynote .... åpne som Keynote ... nope, der krasjar det. Åpne som PowerPoint? .... jepp! det funka! Eg testar ut åpne som PDF .... Jepp! Det funka det også. (Rart at Apple sitt eige system, Keynote er den som krasjar ....??)

Vel, då har eg altså importert Keynoten til Explain Everything (heretter kalla EE, for å gjere det lettvint). Men han er jo rimeleg dau. Det betyr altså ikkje noko kva format den er i, det blir berre passive bilete likevel. Alle dei fine "lappane" eg laga, bileta eg sette inn m.m. sit klistra fast, og dei kan ikkje rørast på. Hmm ... ? Det held ikkje for meg. Kva gjer eg då?

Jo, eg forsøker å kopiere bilete, og anna snacks, rett frå Keynoten. Forsøker å hoppe mellom Keynote og EE (Copy - paste). Nope! Fungerer ikkje. EE vil berre ha opplasta filer. Ja,ja, då får du få opplasta filer då .... Æh... men korleis (har du nokon sinne forsøkt å lagre ei fil på ein iPad ... rett frå Keynote? ...)

Bite i det sure eplet; hente keynoten inn på Macken, - som om det hjelper .... får jo ikkje lagra bilete direkte frå Keynote der heller .....
Gode gamle PowerPoint måtte til. Sende Keynoten til Dropbox (sjølvsagt som PowerPoint), opna den der, og kunne lagre bilete og anna snacks (i Dropbox). Så er det berre å importere bileta inn i EE.

No kan eg boltre og leike meg med mange fine illustrasjonar, animere dei og teikne og fortelje ....

Framhald seinare i veka ......

PS! Det er kanskje ikkje nødvendig å lage ferdig nokon Keynote i utgangspunktet ..... berre opprette og lagre stoff på PPT som du lagrar vidare direkte til Dropbox ..... (Men så var det det med berre å lage dette på ein iPad ..... Forslag?)


1. juli 2013

Situasjonsrapport frå IKT-pedagogen publisert

Sist veke blei rapporten min frå arbeidet som IKT-pedagog publisert. På Google Disk. I tida framover vil eg etter kvart som eg får innspel, legge ut delar av den, opne for drøfting. Eg har det privilegiet at eg får teste ut, snakke med folk som prøver, hente erfaringar og drøfte bruk i meir eller mindre offisielle og uoffisiselle samanhengar (var det tydeleg formulert???), og difor presenterar eg ikkje statistisk materiale, men kvardagserfaringar og øyeblikksbilete frå kvardagen med bruk av digitale einingar.

Vi prøver og vi tek val. Skal ein vente på at den ultimate løysinga dukkar opp, så ventar ein forgjeves. Her må vi hoppe på det toget som skal dit vi vil. Det skaper sjølvsagt rom for debatt, og den tar vi. Ikkje noko er betre enn innspel som til saman vil skape ein betre kvardag for elevane våre.

Lykke til med lesing av rapporten, - og for all del; kom med innspel!

19. feb. 2013

Bruk sosiale media til noko nyttig

Det gjekk eit lys opp for meg i det eg byrja å bruke sidefunksjonen til Facebook. Ved å "like" frå den sida ein lagar, kan ein få informasjonsstraum frå andre offisielle sider, og ein unngår alle privatpersonar sine utgreiingar om middagsmat, trimturar og babybæsj. Fantastisk!

Ein kan altså få siste nytt frå Kristin Halvorsen, Utdanningsdirektoratet, NyGiv, NDLA, fylkesmannen, Telemark fylkeskommune og utruleg mange andre offisielle sider som er der ute. Kravet er at ein jobbar frå ei offisiell side som ein administrerar enten aleine eller saman med kollegaer. I mitt tilfelle er det www.facebook.com/VTVGS.

Det kan altså vere lurt å vurdere om ein i tillegg til å vere privatperson (som ein diverre må vere) også bør vere offisiell person/funksjon på Facebook. Her kan ein velje om ein vil vere aleine eller dele på ei side saman med andre. Fordelen med å vere aleine er at ein styrer alt sjølv, men aktiviteten og samhandlinga vert større viss ein er fleire, - og i tillegg når ein gjerne ut til eit større publikum.

I kraft av den funksjonen ein har, er det truleg lurt å styre bort frå den private sfæra i Facebook. Er ein venn med kollegaer, samarbeidspartnerar, næringsliv m.m. så er dette stort sett i jobbsamanheng. Kommentarar og innspel som kjem er gjerne jobbrelatert. Vi kjem ikkje bort frå at vi lever i ein kvardag der det er viktig å marknadsføre den jobben ein gjer, og sosiale media er ein viktig arena. Facebook er klart leiande i denne marknaden, - med andre litt haltande etter. Mitt råd til alle med ein funksjon som krev kommunikasjon og marknadsføring er å opprette side på Facebook.
 ..... og no banna eg vel litt i kirka for alle dei som er tilhengarar av Google sine løysingar, men Google ser eg meir som ein arena for lukka forum.  - meeeeen eg tek gjerne debatten. Ingen ting er betre enn at me saman marknadsfører dei beste løysingane for å bruke sosiale media til noko fornuftig


18. feb. 2013

"Bump" har fildeling tilbake!

Endeleg har appen Bump fått igjen funksjonen med å dele vanlege filer.

Lurer du på korleis du lett kan dele filmen du har laga, ein Keynote, PDF eller dokument med sidemannen, - legge det over på iPhonen din, - gje til læraren? Bruk Bump! "klask" einingane forsiktig saman, - og vips er fila overført. Enklare kan det nesten ikkje gjerast. Ingen kablar, inga skyteneste for mellomlagring eller deling - berre "Bump".

Har du ikkje appen? Den er gratis og du finn den i Appstore. Hugs å søkje på iPhone-appar, for den er av ein eller annan grunn ikkje formattilpassa til iPad - men den fungerar like bra for det.