16. feb. 2015

Kva vil eg ha av NDLA?

Det har dei siste dagane kome fleire innspel kring NDLA. Kritikk, ros, forsvar og motførestillingar.

For oss som sit i gruppa; "Velvillige mottakarar", så kjennes debatten svært motivbasert.

Hæ?? ..... kva er motivbasert? "Nytt" ord i denne samanhengen, - eg kom på det no og syns det passa så bra å kalle det det. Debatten kring NDLA er motivbasert. .... og for meg kjennes den som å bevege seg i eit minefelt .... ein må våge å seie kva ein syns, og så får ein synspunkta sine i retur, - alt etter kva motiv mottakaren har. For meg, som har hjarte for NDLA, men samstundes vågar å seie akkurat det eg meiner, så kan eg altså snu meg i kva som helst retning - og få så øyrene flagar, med ein hale av heiarop bak.

For å klargjere synspunkta mine om NDLA ein gong for alle; JA, NDLA-tanken er fantastisk! Vi får noko som andre land berre kan drøyme om (http://www.skolemagasinet.no/707-dette-har-vi-f%C3%A5tt-for-450-millioner), - og det må me ta godt vare på. MEN, NDLA har eit stort utviklingspotensiale og må bli endå flinkare til å lytte til brukarane (http://skolemagasinet.no/nyhetene/98-artikler-fra-skolemagasinet/702-ndla-–-hva-har-vi-fått-for-450-millioner-kroner)  (ikkje berre ved å forvente at dei som meiner noko vågar å klikke på "tilbakemeldingsknappen")

Kvifor seier eg dette no? (ja,ja, ... igjen, då), jau, fordi politikarar har byrja å ta den digitale utviklinga på alvor - dei forventar at skulen skal gå digitalt. I Fylkesordførar Terje Riis-Johansen sin årstale til fylkestinget lanserte han "den boklause skulen" (http://www.telemark.no/Aktuelt/Offensiv-aarstale-fra-fylkesordfoereren#.VOHqRXbKyUk) . Dette må me ta på alvor.

Ulempene med forlaga sine dyre e-bokløysingar har eg drøfta tidlegare, så her er det for meg bere ei løysing som gjeld; NDLA. - men eit godt NDLA. 

NDLA må takast på alvor. Det har vore alt for lett for oss pedagogar å avfeie NDLA, og late som at det er noko som ein ikkje treng å forhalde seg til. Med andre ord;  så lenge det er andre alternativ, så er det lettare å ty til dei, enn å bry seg med å utvikle NDLA ved å trykke på "tilbakemeldingsknappen". Derfor er det at NDLA heller ikkje får alle dei tilbakemeldingane dei treng for å bli betre. Tilbakemeldingane kjem til oss som prøver å snakke om, tale varmt for og marknadsføre det, og her kjenner eg at eg har ropt i skogen ein del, og for tida hostar opp ein del kongler.

Vel, - då prøver eg meg igjen; Kva vil eg ha av NDLA? (fint slagord forresten :-))

Fritt frå kommenarfeltet til forige innlegg på bloggen: "Eg har grubla mykje for å kunne komme med konstruktive forslag til NDLA om kva som kan gjerast innafor dei rammene som NDLA er bygd på. Så, "Eureka!", så enkelt kan det gjerast:
 
For kvart mål i læreplanen bør det lagast ei ressursside. Ved å velje målet i læreplanen, så kjem det ikkje, slik som no, opp ein haug med tilfeldige treff (to gonger av kvart også, grunna tekstar på både bokmål og nynorsk), men ei enkel ressursside, der lærestoffet er prioritert etter kor viktig/grunnleggjande det er. "Dette må du kunne for å nå målet", Nyttige mediefiler knytt til målet, gode oppgåver som fører til måloppnåing, ein infostraum der opplegg frå Deling og FYR dukkar opp umiddelbart etter at dei er publisert. Opplegg som er delt bør kontinuerleg vurderast og dragast inn i sjølve ressurssida.
 
Slik det er i dag, så er det fleire mål som ikkje får treff når ein vel dei. Det skaper ikkje tillit til at sidene på NDLA er gode nok til å erstatte papirboka. Det bør vere eit minimumskrav at alle mål har si ressursside, med innhald og struktur som sikrar at elevane kan nå måla.
 
Ei samling av lærestoff skal sikre måloppnåing for elevane, ikkje vere ein demonstrasjon av kva einskildforfattarar syns er best og vil vise fram."

NDLA må vise forståing for at me har læreplanar i kvart fag, og at det er desse som er retningsgjevande for kva elevane skal lære. Stoffet må ikkje strukturerast med tanke på eventuelle endringar av læreplanar, og lagast universellt.  NDLA bør samarbeide nærare med http://www.udir.no/Lareplaner/  og skape direkte kopling mellom læreplan og lærestoff. Sjå kva http://www.vilbli.no/ har fått til. Viss desse tre nettadressene kunne ha samarbeidd, så ville det bli skapt ein tryggleik hos brukaren på at dette er relevant stoff som lar eleven nå målet i læreplanen på ein trygg måte.
 
Slik det er no så lir NDLA av same sjukdom som Fronter og It's Learning; det er teknikken som styrer pedagogikken. Det er etablert sterke koplingar mellom ein leverandør av IT-tenester som i alt for stor grad får styre strukturen. Då let det seg ikkje  gjere, alt som me brukarane ynskjer , utan at det vil koste for mykje og krevje for mykje arbeid å leggje om. Resultatet er at sluttbrukarane ikkje er fornøgde, tilbydarar utanfor lar det poppe opp med alternativ (som http://www.delogbruk.no/) for å dekke behovet, og forlaga kan boltre seg i negativ kritikk og framheving av eigne, dyre digitale læreverk.

Mitt forslag er at NDLA må styrkast, ikkje berre med fagre ord, men med politiske vedtak, god økonomi og planmessig utvikling frå høgste hald. Dette må gjerast på ein slik måte at det ein finn på NDLA kan vere til glede for alle, og brukast på ein slik måte at ingen kjenner det som ei tvangstrøye og eit dårleg alternativ. Uansett kor ein snur seg så skal ein finne det ein treng for å nå måla i læreplanen i NDLA. Det bør vere like naturleg å bruke NDLA som læreplanen. (Det er ikkje akkurat mange som protesterar på den og vil ha fire andre alternativ å velje mellom.)

Men, akkurat no   ..... så er det ein veg å gå ....