18. des. 2014

Utfordringar med papirbøker, e-bøker og nettbasert lærestoff

Ein av pilotskulane våre har gjort ein del lite heldige erfaringar med e-bøker på iPad. Dette er synd, fordi tanken er god og prinsippet med lesebrett er supert.

Tekniske krasj, som at boka forsvinn frå iPad og at den må lastast inn på nytt kvar gong ein hoppar mellom apps skaper unødige hinder i læringsarbeidet. At eleven ikkje kan gjere boka til si eiga og fylle den med notat og eigen kunnskap er også eit hinder. Eboka er framleis ein gjest i eleven sitt læringsarbeid.
Slik eg ser det har forlaga bomma ved å forsøke å gjere mest mogleg butikk. Pris er viktig for skulane. Prinsippet for digitalbok er pris på papirboka delt på tre, og forlaga går ut frå at ein skifter bok kvart tredje år. For det første er det fleire døme på at prisen for tre års abonnement er høgare enn papirutgåva, og for det andre er det nok dei færraste skulane som skifter læreverk etter tre år. Det er ikkje særleg freistande for skulane å gå inn på ei dyrare løysing enn ein har hatt med papirbøker.
Ein lærar treng eit godt og strukturert lærestoff, som er lett å finne fram i og som er sterkt knytt mot måla i læreplanen. Ein elev treng å gjere stoffet til sitt eige. Det betyr å samle alt om eit mål eller emne på ein og same stad (og her er OneNote særs interessant), og kunne leggje til det som trengs for å understøtte arbeidet sitt med stoffet. Det vere seg mellom anna lekkjer, lydopptak, film, bilete, teikningar og notat. Ei låst lærebok dekkjer ikkje dette behovet.

Skal forlaga få eboka til å fungere så bør dei truleg tenkje heilt nytt. Dei kan sjølvsagt jobbe med stabiliteten til e-bøkene, og også samstundes vurdere både kostnad og det høvet eleven har til å gjere boka til si eiga. Men det kan også hende at NDLA-tanken er betre. Web-baserte tenester som elevane jobbar online på. Framtida er etter mi meining online. (Med det tilbodet enkelte nettbrett/elektroniske dingsar i dag har av lagringskapasitet, så er det håplaust å greie å lagre alt elevarbeid lokalt)

Viss NDLA greier å strukturere konseptet sitt til å ha fokus på læring, rettleiing, struktur og mål,  meir enn den store samlinga av lærestoff som det er i dag, så vil ikkje forlaga ha ein sjanse til å hengje med.  Dette vert eit interessant kappløp å følgje med på framover.

Det skal også bli interessant å følgje utviklinga til Google Apps for education framover. Her har dei starta tanken med å samle mest mogleg av læringa til elevane. Viss dette kan brukast som ein reiskap for læraren til å rettleiie elevane i læringsarbeidet, så har ein dekka eit behov som vi lenge har etterlyst frå Fronter.

Kikora-tanken er også vel verdt for alle som jobbar med lærestoff til elevar å ta med seg. Strukturen og oppbygginga i dette burde vere eit døme å ta etter for alle.

Ideen til Smartbok, fagstoffet til NDLA, tanken til Google Apps for education og strukturen til Kikora er ein nøkkel til suksess.

Eg har forresten studert forlaga sine tilbod på papirlærebøker etter den siste reforma av læreplanar i fellesfag. Bøkene dei tilbyr er større enn tidlegare, mange er både tjukkare, lengre og breiare. Dei nye norsk- og engelskbøkene til Ashehoug og Gyldendal veg i snitt 1,4 kg kvar. Viss dette skal vere normen for vekt på ei lærebok, så vil ei gjennomsnittleg skuleveske med bærbar PC fort komme opp i 12 kg. Må ordbøkene vere med i tillegg, så …

Kva gjer elevane med dette? Tek dei med seg skulebøkene heim? Viss elevane ikkje tek skulebøkene med seg heim; Når får dei tid til å lese i dei? Skal skulen vere ein stad der vi sit stille og les i bøker? På kva måte brukar vi lærebøker saman med elevane? Brukar elevane lærebøkene i det heile? Blir boka berre liggjande i eit skap?

Mange lærarar lagar samandrag av lærestoffet for elevane, og det er dette dei les på til prøvar. Eg har sjølv hatt elevar som har lært seg stoffet og nådd måla, men dei har aldri opna læreboka.

Dessutan; elevar les som aldri før – dei les kvarandre sine tekstar på skjerm. Dei les bilete og dei ser film. Ingen kan påstå at dei ikkje lærer.