17. nov. 2014

Korleis få lærarane med?

Kva fungerer?


Det er eit krav i læreplanane at elevar skal ha tilgang til digitalt utstyr, og kunne nytte det i alle fag. I Telemark fylkeskommune har vi ein eigen IKT-standard for elevane, og me har vår eigen IKT-strategi. Det er vanskeleg for ein lærar å halde seg unna dette. Spørsmålet vert difor korleis vi skal greie å få alle med, - og få alle til å trivast med det.

Det er fleire grupperingar å ta omsyn til:


·         Vi har eldsjeler som står på, testar ut, lærer det som er nytt og vil prøve ut (– og som av og til ser at tilbodet om teknologi heng litt etter.)

·         Vi har dei som ope og ærleg seier at dei kan for lite og som vil lære meir, men ikkje finn rom for det i kvardagen, og som spør etter kurs og opplæring.

·         Vi har dei som syns at alt var betre før, at teknologien har teke overhand og skyggar for læring.

·         Vi har dei som meiner dei kan nok. Dei har lært Officepakka, Internett og grunnfunksjonane til ein PC, og brukar PC saman med elevar som eit søkje-, dokumentasjons –og presentasjonsverktøy.

·         Vi har dei som lar elevane nytte PC som dei vil, men der undervisninga ikkje er avhengig av reiskapen. PC er komen for å bli men det betyr ikkje noko frå eller til i arbeidet i klassen.

Det som er viktig er å ha respekt for at vi har alle desse ulike i ein og same skule. Me må samstundes leggje til rette for utvikling hos alle.

Vi veit av erfaring at enkeltkurs kan ha liten effekt. Den gode rettleiinga, kollegabasert samarbeid og oppmuntring kring dei små stega framover er det som verkar.

Vi må kartlegge, tilpasse og ha gode strategiar for utvikling. Samstundes må vi ha klare mål og klare krav - som vel og merke er fornuftige og gir meining og utvikling.

Skal ein snu utviklinga så må ein for det første gjere pedagogane kjende med kva som fins av teknologi og nye pedagogiske retningar, og vise at terskelen er lavare enn ein trur.

Intern opplæring, lokale superbrukarar, fokus på IKT i skulen sin skuleutviklings- og etterutdanningsplan og kontinuerleg oppfølging er suksessfaktorane.

I botn må ein ha ein rektor og ei leiing som er godt skulerte i pedagogisk bruk av IKT, som er offensive, framtidsretta, ser heilskapen og er støttande i utviklingsarbeidet.


 

Suksessfaktorane kan oppsummerast i følgjande modell:



 
1.     Rektor har ei hovudrolle og må vere den samlande faktoren. Viss ikkje rektor forstår og kan, så vil navet mangle i hjulet. Det viktigaste av alt framover vert å satse på kompetanseutvikling for rektorane.
 

2.     Ein må ha respekt for alle kunnskapsnivåa i organisasjonen, og ta omsyn til kompetansen til den einskilde

3.     .. difor må ein kartleggje kvar og ein, finne ut kor ein skal starte og korleis ein skal satse.

4.     Det må lagast tydelege milepelsplanar

5.     … og planane må følgjast. Vik ein frå planen og utset, så mistar ein truverdet. Skal ein lukkast må må ein halde ut og vere fokusert på målet.

6.     Ein er også avhengig av å ha ei lokal støtte ute i dei ulike einingane, kall det gjerne superbrukar(-ar). Superbrukaren er alltid der, og ein veit at ein kan få hjelp. Å spørje nokon med ein gong ein står fast og så få hjelp, er den beste form for læring. Skal ein superbrukar lokalt lykkast må det vere eit godt støtteapparat rundt, som forar med impulsar og fungerer som problemløysarar.

 

7. nov. 2014

Når skjer det læring?

Det er nye måtar å lære på og nye undervisningsformer, som for ein del er meir effektive, men som for andre kan føre til for lite oppfølging og at dei dett av lasset.
 
Korleis skal elevane nå måla i læreplanen ved hjelp av den teknologien vi omgjev oss med akkurat no?

Omvendt undervisning, nettbasert undervisning har kome for fullt, og  digital dokumentasjon i dag omfattar også bilete, film, lyd og anna multimediebasert innhald. Digitale læringsplattformer, digitale læreverk og nye kommunikasjonsformer er også ein del av kvardagen.

 

 

Omvendt undervisning – nettbasert undervisning – er det framtida?

Det kom særs positive tilbakemeldingar på samlinga for alle lærarar i TFK i Ibsenhuset 21. mars-14. Thomas Nordahl trollbatt heile forsamlinga.
Så stiller eg spørsmålet til delar av kollegiet mitt; «Kvifor skal me reise til Skien for å høyre på Thomas Nordahl, når me like godt kan streame foredraget rett til nettbrettet vårt heime i sofakroken? Kvifor skal me sitje og vente på eit kurs, når me kan oppdatere oss og lære når som helst og kor som helst? Når eg kan få dei mest glimrande førelesarane rett inn i stova, - kvifor skal eg reise på kurs eller vere i klasserommet og høyre på ein halvgod ein?»
Som det IKT-mennesket eg er (nerd?), så er dette heilt normale spørsmål å stille. Og dermed forundrar dei nesten unisone svara meg. «Det er ikkje det same!». Ein kollega sa: «Eg førebudde meg ved å gå inn på UDIR sine sider og sjå på videoar med Thomas Nordahl. Eg blei skuffa og var ikkje så motivert. Så kom eg til Ibsenhuset og høyrde Nordahl live, - og blei kjempebegeistra»
Det kollegiale samhaldet, det å vere saman om noko, å kunne drøfte i pausar, - å føle at ein har noko felles – dei same referansane. Dette betyr noko i læringsprosessen for dei kollegaene eg har rundt meg. Så kan ein sjølvsagt stille seg spørsmålet om dei er ein utdøyande rase. Vil ungdomane sin kjennskap og kunnskap om teknologien, og store forbruk av sosiale media, gjere at dei lærer på andre måtar? – og ikkje har det same behovet?
Både omvendt- og nettbasert undervisning krev at ein har motiverte elevar som greier å halde ut. Slik dei fleste kjenner den norske elevstanden, så veit ein at det er mange som ikkje høyrer heime i denne kategorien.
Utdrag fra presentasjon; Nordahl - Hattie 2009
Det er viktig å få fram at sjølv om det kjem nye metodar, så vil det berre føre til at læraren får fleire strengar å spele på, og at det i dette tilfellet er undervisninga som kan komme til å dreie meir frå formidling til rettleiing. Vel ein å sjå positivt på det, vil dette i praksis bety at læraren vil få meir tid til den einskilde elev, og at kommunikasjonen vil auke. Høvet for formativ vurdering vil auke, og dette gir betre læring, i følgje Thomas Nordahl si studie av J.Hattie sin rapport kring «Visible learning» frå 2009.
Det ville vere ei katastrofe for norsk skule viss ein trur at omvendt- og nettbasert undervisning vil vere ein måte å spare pengar på.

Vi må ikkje undervurdere det sosiale samspelet!

3. nov. 2014

iPad for læraren – kvifor?

Ein iPad kan nyttast på to måtar for ein lærar; i læring og for læring:

1.     Læraren kan nytte brett saman med elevar i undervisninga i staden for ein PC, og kan dermed nytte seg av lett tilgjengelege apps for å styrke læring, variere metodar og betre dokumentasjon av læring. iPad vert eit læringsverktøy.

2.     iPad kan også fungere som ein reiskap både i planlegging-, gjennomføring- og evalueringsarbeid. Læraren vil ha dobbel nytte av brettet. Uansett om elevane nyttar iPad eller ikkje. Det fins mange gode apps som utvidar arbeidsflata og opnar nye dører i arbeidet til ein lærar.

3.     Som ein bonus vil kunnskap om alternative digitale einingar gje læraren ei forståing av den teknologiske kvardagen, og dei digitale einingane som elevane allereie sit med. Lærar vil dermed kunne nytte seg av dette i pedagogiske metodar. Ein treng ikkje dele ut nettbrett og iPods til elevar, viss dei allereie har det, og kan bruke det til for eksempel smartbøker, film, podkast og liknande.