31. okt. 2014

IT-avdleinga si rolle i det pedagogiske arbeidet med IKT

iPadprosjekta har i min prosjektperiode i all hovudsak kome i stand etter initiativ frå IT-avdelinga, ofte etter innspel frå innovative personar/leiarar ute i einskildskular. Kanskje ikkje ei systematisk tilnærming, men samstundes ein rask måte å komme i gang på. Utfordringa har difor vore å setje prosjekta i system, og å «lære mens ein går».

Resultata ein ynskjer er rimelege løysingar som er driftssikre, enkle å bruke og som samstundes gir auka pedagogisk gevinst. Det syner seg vanskeleg å nå alle fire resultata. Spørsmålet vi alle saman vegrar oss for å svare på vert difor kven av resultata skal vi prioritere? – eller endå vanskelegare; kven skal vi prioritere bort? Pedagogikk og læring må ikkje ofrast fordi ein skal spare pengar. Det kostar å fylle ein digital reiskap med innhald, og dette kan avgrense høvet ein har til å nytte seg av god, pedagogisk programvare. Gode pedagogiske løysingar vil ofte bli kostnadskrevjande og systemutfordrande. Her ligg spenningspunktet mellom IT-avdelinga, pedagogane, administrasjon og politikarar.

Vi kan truleg aldri få nok av den grundige drøftinga kring kva eleven skal bruke den personlege, elektroniske dingsen dei skal få til odel og eige til. Her er eit hav av spørsmål vi ikkje har klare løysingar på; Kva har eleven tilgang til av utstyr i kvardagen sin, og kva manglar dei for å lære best? Kva skal eleven lære av å bruke ein personleg, elektronisk dings? kva utstyr brukar eleven mest når? – og dette utstyret vere med heim? Kva kan ein forvente at elevane har av utstyr heime? Kva kan «bring your own dewice» –BYOD løyse, - eller skape av nye utfordringar? Kan ein med BYOD løyse seg frå standardisering av utstyr, i og med at eleven alltid har program og eigenprodusert materiale tilgjengeleg online? Problem med juks og ukontrollert nettbruk i prøvesituasjonar kjem fram som ei stadig aukande problemstilling. Korleis løyser ein dette? 

IT-avdelinga har sine drøftingar kring dette, IKT-pedagogane har sine, pilotskulane har sine drøftingar, og det vert også drøfta på den einskilde skule. Debatten går truleg også høgt i heimane; kva er privat og kva er læring? Kva skal skulen bidra med og kva forventar vi at heimen bidreg med, - både med opplæring, haldningar og tid?

Har vi møteplassar og system som er gode for å ta dei felles drøftingane ofte og grundig nok? Er det tid nok til å ta dei gode debattane, og prioriterer ein dei rette spørsmåla? Kjem dei dei rette problemstillingane på bordet for debatt? Er det rom nok til å hente alle dei gode erfaringane vi gjer oss ute i kvardagen med elevar og lærarar, er det rom nok til å drøfte resultat og konkludere på rett grunnlag?

TFK har teke store steg framover med omsyn til dette. Det er utvikla ein eigen IKT-standard for elevane i vidaregåande skule. Det er også utarbeidd ein eigen IKT-strategiplan. Fleire lærarar har fullført vidareutdanning med IKT-fokus. IKT-foruma er tenkt å skulle fungere som møteplass, både dei lokale på den einskilde skule, og det sentrale IKT-forumet i TFK.

Det er viktig å heile tida stille spørsmålet om dette er godt fungerande og fører til dei resultat ein ynskjer.

 
Å ha ei godt fungerande IT-avdeling, som spelar på lag med pedagogane, og som har som målsetting å finne løysingar som tener elevane si læring best, er den ideelle situasjonen. TFK har ei slik IT-avdeling. Det er ikkje enkelt å balansere i spenningspunktet mellom kostnadskrav, effektivitet, driftssikre system og pedagogiske behov. I ein stor organisasjon er det mykje som skal fungere, og det er ikkje alltid lett å finne system som lar seg administrere på ein tilfredsstillande måte og som servar dei store massane. IT-avdelinga er heile tida ute etter å nytte seg av og utvikle dei store avtalene (i vårt tilfelle løysingane frå Microsoft), men samstundes teste ut nye system. Dei er flinke til å initiere prosjekt, men samstundes set dei også bremsene på i høve til system som dei i utgangspunktet ser på som for arbeidskrevjande og lite kompatible med eksisterande system. Tryggleik er viktig. Å ikkje få teste ut alt, kan til tider vere frustrerande. Særskilt når ein ser at det kan vere løysingar som fungerer godt pedagogisk. Men samstundes må me erkjenne at IT-system også har sine avgrensingar, og det er ikkje alt det er verdt å bruke mykje tekniske ressursar på å få til å fungere.

 
God kommunikasjon er viktig når vi ynskjer å teste ut og ta val. Difor er rommet for dei gode drøftingane essensielt for å finne dei beste løysingane.

3. okt. 2014

Vi er ei gang med kompetanseheving av heile personalet

Vest-Telemark vidaregåande skule startar i dag med kompetanseheving av heile det pedagogiske personalet.  Nyweb gir oss 15 stp i tema IKT og læring.

Leif Harboe held opningsforedraget, og etter det skal vi jobbe med emne tilpassar programområda og fagområda våre.