22. nov. 2012

Legg ned skjermen!

Vi brukar å be elevane om å legge ned skjermane når vi vil ha full merksemd på det som skal gå føre seg i klasserommet. Det er ein tung prosess, som ofte endar med halvvegs nedlagde skjermar, argumentasjon om at PC-en er så treg å starte opp igjen, vil ikkje logge på, skal berre .... m.m.

iPaden revolusjonerte dette, fordi den er så lett å skru av og på.... Det er litt lettare å få gehør i klasserommet no, - og kanskje noko lettare å nå fram. For det er bevist: hjernen taklar ikkje all den multitaskinga spesielt ungdom argumenterar med at dei taklar så bra. Vi lærer faktisk best med å ha ro og lite forstyrrande element i læringsprosessen.

Teknologien kan vere ei hjelp i læringsarbeidet, men den kan også vere eit særs forstyrrande element. Dette er eitt av dei mest brukte argumenta i debatten om teknologien inn i klaserommet.

Det nyttar ikkje å håpe på at Internett går over, eller at vi skal få ein "skru av Facebook"-knapp. Vi må heller satse på god klasseleiing, og ta teknologien i bruk. Likevel er vi klar over at mykje av bodskapen vår går tapt, mykje meir enn ved andre forstyrrande element, når vi tillet at eleven sig inn i teknologiske interesseområde som ikkje eigentleg har med det ein skal lære å gjere.

God klasseleiing er å få elevane til å legge ned skjermane når det ikkje er behov for å bruke teknologien. I skulen er dette ei brukbar oppgåve å overkomme. Rollene er klart definerte; læraren er den vaksne som veit best. Maktforholdet gjer at ein ganske greitt får forståing for kven som bestemmer. Difor kan ein gje ganske klare beskjedar utan at det skiplar balanseforholdet. - og gjervein det på rette måten, så går også beskjeden ganske greitt inn og vert etterfølgd.

Noko heilt anna skjer om ein skal ha kollegarettleiing eller kursing av vaksne. Her er det eit anna balanseforhold, der alle tek ansvar for seg sjølve. Her er det sjølvsagt at kvar og ein veit best kva som er best for seg sjølv. Ein førelesar kan i ein slik situasjon gjere eitt av to val; forsøkje seg på klasseleiing og legge premissar for korleis foredraget skal gjennomførast; be om at skjermen vert lagd ned, eller ein kan ignorere problemstillinga og setje igang, og halde fram, som om alle lyttar og følgjer med.

I det siste har eg både erfart sjølv, og vore i samanhengar der andre held føredrag, at kursdeltakarar er særs fråverande i det som går føre seg. Det kan godt hende at det som vert lagt fram er uinteressant, eller ikkje fenger, men i mange tilfelle vil eg påstå at den som vel å reise ut i cyberspace i staden for å følgje med, ikkje er i stand til å kople på tidsnok til å forstå om det ein vel å ikkje lytte til er viktig eller ikkje. Ein går så inn i det ein held på med at ein ikkje evnar å multitaske. Eg har sjølv gjort det, og er ikkje stolt av det.

Det er ikkje lett som førelesar å be om premissar for korleis ein ynskjer merksemda til tilhøyrarane. Ein blir sett litt stygt på, folk føler seg forulempa, "kom ikkje her og fortel meg kva eg skal gjere - eg veit best", ein blir sett på som litt bitchy, sinna, hissig ... Ja, det beste er nok å la vere å seie noko, og sjå at forsamlinga "veit best"

Det er faktisk heller ikkje lett å konkurrere mot cyberspace. Det er så mykje spennande der ute; nokon likar deg på fjesboka, det kjem ein e-post med eit supertilbod, Hamas har bomba Israel igjen. Kven kan konkurrere mot slikt? Ein kan ha ein viktig bodskap, ein kunne ha fått i gang gode debattar på grunnlag av innspel frå salen, men det kan vere litt for mange "skal berre". Ein blir usikker, og føler at ein burde ha vore ein litt betre skodespelar, ha regiert førestillinga si litt betre, funne eit emne som er litt gøyare og kan fenge endå meir, blitt meir populistisk ...

Kva gjer dette med førelesarane? Kva gjer det med lærarane?

Eg tenkjer at det er viktig at me vaksne tek inn over oss at me skal vise respekt for kvarandre som menneske og fagpersonar. Det kan hende at me ikkje greier å individuellt tilpasse bodskapen vår til kvar og ein når det passar dei. Difor må me kunne formidle ein bodskap felles til fleire samtidig. Eitt av måla i læreplanen i norsk er nett dette, å kunne delta i ulike munnlege samanhengar både som aktør og tilhøyrar. Eg trur det er på tide at me alle saman tek dette målet på alvor. Me må ta styringa over teknologien, det er ikkje den som skal ta kontrollen over oss.

6. nov. 2012

Grundigare om iTunes-U

Kva er god pedagogikk?

I prinsippet om "Vurdering for læring"skal eleven vere orientert om kriteria for vurderinga. Han skal vere godt orientert om kva han skal lære og kor han er i læreprosessen.

Ei lærebok er ei samling av fagstoff. Svært sjeldan har læreboka god nok informasjon om kva måla i læreplanen inneber. Vi ser sjeldan at lærestoffet viser direkte til måla, eller bryt ned måla og tek eleven med på ei naturleg vandring mot full kompetanse.

Slik er det truleg også best at det forblir. Ei lærebok skal vere staden vi går til for å finne kunnskapen.

Det er læraren og læraren sine planar og opplegg som skal vise eleven vegen mot kunnnskap. Så er det opp til læraren, og gjerne i samarbeid med eleven, å finne ut kva metodar som passar best for å plukke den kunnskapen som trengs til ei kvar tid.

Kva har dette med iTunes-U å gjere? Jo, iTunes-U kan brukast på to måtar; Som ein kanal for å finne lærestoff, og som reiskap for å knyte saman mål og lærestoff til ein naturleg læringssti.

Lærestoff kan publiserast direkte på iTunes-U, som Linda Terese Frønes sine naturfagvideoar, eller Tom Jarle Christiansen sine matteleksjonar. Men ein kan også sy saman bøker, PDF-ar, videoar, oppgåver m.m. til ein heilskap med ein naturleg progresjon ved hjelp av iCourse Manager. Her har Anders W. Røyne og eg sjølv prøvd å bidra.

Det er viktig å skilje mellom lærestoff og den jobben som læraren skal gjere; tilretteleggje for læring. Forlaga gir oss i dag tilbod om ei rekkje læreverk, meir eller mindre gode. NDLA gjer det same. - og mange andre kanalar der ute i verdensveven. iCourse Manager skal kunne brukast til å samle alt det som me lærarar ynskjer å formidle til elevane - me vel ut det me meinar er best for eleven, og lagar naturleg progresjon. I dette skal det vere rom for alle, både komersielle og mindre komersielle kanalar.

iCorse Manager er eit knakande godt verktøy til å bygge opp kurs med. Når me skal bygge opp kurs så brukar me det materialet me har tilgjengeleg. Viss ikkje forlaga kjem på banen og lar oss integrere deira stoff i dette, så spelar dei seg sjølv ut over sidelinja .... Me hentar stoff der det er lettast tilgjengeleg. Fram til no har det vore læreboka ... men med alt det flotte vi finn på nettet ....

1. nov. 2012

Digitale hjelpemiddel i matematikk

Fekk lov å dele denne flotte videoen om bruk av digitale hjelpemiddel i matematikk på Bamble vidaregåande skule.



Tusen takk til Tom Jarle Christiansen for supert innspel!