7. feb. 2012

Fagleg påfyll og tankar om elektroniske lærebøker

Er i dag og i morgon på konferanse i Sandefjord. Her er vi mange ulike profesjonar samla med fokus på nettbrettet som pedagogisk verktøy. I dag har me sett på ulike tekniske løysingar og i morgon skal me sjå på den pedagogiske bruken av brett. Microsoft og Apple er sterkt representert. Begge har framifrå løysingar på kvar sine område. Microsoft førebels med flotte programløysingar for pc og planar for sky-løysingar, og Apple sin iPad er vanskeleg å konkurrere med. Det vert spennande å sjå Win8 i bruk, og korleis denne kan få brettløysinga til Microsoft til å løsne. Vi hadde ein spennande og interessant debatt kring den elektroniske læreboka i ettermiddag. Her vert det interessant å sjå kva løysingar forlag kjem til å leggje seg på. Ein bør jo kunne tene pengar på elektroniske lærebøker, så kva skal ein gjere for at ikkje bøkene skal "spre" seg gratis på nettet? I dag kan ikkje elevane skrive notat i papirbøkene, så pdf-boka har gitt elevar ein ny kvardag, med alle dei høva elevane no har til å skrive notat, setje inn bilete, overstyrke m.m. Det er mykje som taler for at ein skal tilby ei løysing med at elevane låner ei bok for eit år, så "døyr" den når lånetida er ute. Dette er eg sterkt i mot, fordi då vil alt arbeidet som elevane legg i noteringa si bli borte. Det vert som å kaste barnet ut med badevatnet. På eitt eller anna vis bør elevar som ynskjer det få behalde boka og notata sine. Elles er det ein del elevar som ikkje vil sjå noko særleg poeng i å leggje ned arbeid i noteringa, og vi misser dermed ein god metode. Det er også nokon som meiner at når det skal lagast elektroniske lærebøker så skal det puttast på all verden med multimedia. Det er sikkert fancy og spennande, men ... For det første vil dette vere eit stort arbeid, og fordyre lærestoffet. For det andre vil det alltid vere apps og snuttar på nettet som kan stette det behovet. Som lærar har eg bruk for eit basismateriale, som er tilpassa måla i læreplanen. Så er det mitt val kva retning eg ynskjer å legge opp stoffet og timane. For eleven er det aller viktigaste å vite kva som skal lærast - kva er målet. Så er det altså min jobb å lære eleven å kjenne, slik at eg i samarbeid med eleven kan finne metodar, visualisering, oppgåver og eventuellt tilleggsstoff. Eleven lærer best ved å utvikle sitt eige materiale, i ein trygg kontekst, der det er lett å finne ut kva som er lærestoffet. Dialog der eleven vert presentert for ulike metodar, kan definere seg inn på nivå, og der ein samarbeider om kva som er lurt å gjere for å nå målet, er det beste. Det er svært få elevar som greier å navigere i ein jungel av lærestoff og sjølv finne ut kva som er det viktigaste. Ein av dei viktigaste jobbane vi gjer er å hjelpe elevane med denne navigasjonen. Ikkje minst er dette viktig med tanke på at elevane skal ut å navigere i den enorme www-jungelen på eiga hand.